De Utrolige Årene (DUÅ)

«De Utrolige Årene» gir kompetanse i korleis ein fremjar sosial og emosjonell kompetanse hjå barn.

Vi arbeider med relasjonsbygging, å vere i forkant (proaktive strategiar), gi ros og positiv merksemd, belønning/forsterking, redusere uønskt åtferd og vere tydelege og føreseielege vaksne. Vi brukar skildrande kommentarar, coaching og problemløysing.

Fellesskapet på skulen skal ha fokus på positiv åtferd og oppleving av meistring, eigenverdi og tilhøyrsle.