Om oss

Spildepollen skule opna 1. november 2019. Skulen er ein 1-7 skule og er lokalisert i Spildepollen. Bygget er ein moderne skule som inneheld 6 store læringsareal, amfi, spesialrom, skulekjøkken og skulebibliotek. Skulen har òg ein stor idrettshall med klatrevegg. I tilknytning til hallen er det utlånskjøkken, styrkerom og utvendig krøllgrasbane. Skulen har eit flott uteområde med leikeplass, grusbane, basketbane, BMX-bane, samt ei 1,6 km lysløype rundt skuleområdet. Sommaren 2021 opna Spildepollen sykkelpark rett bak skulen.