Søkja, endra eller seia opp SFO-plassSkulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med særskilte behov frå 1. til 7. klasse. Har du barn med særskilte behov i 5. - 7. klasse? Tilbodet for denne gruppa er gratis dersom eleven har sakkyndig uttale, der hovuddiagnosen tilseier at det er til beste for eleven å ha plass i SFO. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost. Søknad om SFO-plass Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt. Søk SFO-plass Oppseiing og endring av SFO-plass Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret. Dersom ein seier opp FØR den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i neste månad. Men dersom ein seier opp ETTER den 15. i månaden, skal ein betala t.o.m. 14. i månaden etterpå (nesten 2 månader etterpå). Endra eller seia opp plass i SFO Opningstid Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gjeld berre Rong, Toftøy og Tjeldstø). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her Ferie-SFO Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO. Søknadsfrist er i høve vedtektene 4 veker før den aktuelle ferien. Betaling for SFO-plass Prisar per månad for SFO-plass. SFO Type plass Antall timar Opphaldstid 2023 Heil plass (gjeld berre Rong og Tjeldstø) 5 Kl 07.00-17.00 3 220 Ordinær heil plass 4,5 Kl 07.00-16.30 2 840 Redusert plass 3,5 Kl 07.00-15.30 2 255 Etter skuletid (gjeld berre Rong, Toftøy og Tjeldstø) 3,5 Til kl 17.00 2 255 Etter skuletid 3 Til kl 16.30 1 960 Etter skuletid 2,5 Til kl 15.30 1 645 Morgonopphald 1,5 Kl 07.00 til skulestart 980 Matpengar SFO 110 Dagplass 345 Enkelttimar 85 Kriseplass (per veke) 820 Ferie-SFO 950 Ferie-SFO for elevar på 1. trinn 710 For sein henting, per påbegynte halvtime 290 Søskenmoderasjon Barn nr 2 - 30 % Barn nr 3 og oppover - 50 % NB! Gratisplass for barn med særskilte behov i 5. – 7. trinn, gir ikkje søskenmoderasjon for yngre søsken. Prisar for SFO-plass - 1. klassingar Prisar for SFO-plass - 1. klassingar Type plass Pris per månad for SFO 2023 Heil plass Rong og Tjeldstø 1 684 Heil plass ordinær 1 304 Redusert plass 719 Etter skuletid 3 timar 424 Etter skuletid 2,5 timar 109 Morgonopphald Gratis Sist endra 23.05.2023 08.48