Bibliotek

Skogsvåg skule ligg sør på Sotra i Øygarden kommune. Skulen har gangavstand til både sjøen og skogen. Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund og Sundhallen ligg like ved. 

Biblioteksplan for Skogsvåg skule

Et bilde som inneholder utendørs, sky, tre, himmelKI-generert innhold kan være feil.

Skogsvåg skule ligg sør på Sotra i Øygarden kommune. Skulen har gangavstand til både sjøen og skogen. Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund og Sundhallen ligg like ved. 

  • Skuleåret 2025/2026: totalt ca. 235 elevar på skulen, deriblant innføringsklasse.
  • Skulebibliotekar: Rita-Elise Hagenes har vore skulebibliotekar sidan hausten 2023. Tildelte timar til skulebibliotekaren er 2t.i veka.
  • Bokbase: Biblioteket har ein bokbase på ca. 3000 bøker.
  • Årleg budsjett til innkjøp: 10 000kr.
  • Opningstid: Biblioteket er ubemanna, men tilgjengeleg for alle elevane ved behov. Unntak er tida som kvar klasse har fastsett til bibliotek på timeplanen. 

Visjon

Biblioteket skal inspirere, skape leseglede og motivere til lesing hos elevane. 

  • Vi vil at elevane skal bli motiverte for å lese - skape leselyst og leseglede.
  • Vi vil gje elevane moglegheit til å utvikle leseferdigheiter på biblioteket.
  • Vi vil at elevane kan få kome med ynskje om bøker vi kan kjøpe.
  • Vi vil at elevane og dei vaksne på skulen skal ha eigarskap til skulebiblioteket.
  • Vi vil at alle skal halde orden på biblioteket.

 

Lesing er viktig for:

Lesing er ein viktig grunnleggande dugleik. Korleis du les påverkar vaksne sin psykiske helse. Leseengasjement er meir enn leselyst. Det inneber også å vere uthaldande, å kunne konsentrere seg og å ha gode haldningar til lesing.

Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

  • Dysleksivenleg skule: Skogsvåg skule er oppteken av å tilrettelegge for alle elevane, både når det gjeld oppfølging, utvikling og meistring.
  • Utviklingstid: Skulebiblioteket er tema ein gong i månaden på utviklingstid, eventuelt etter behov. Her fortel skulebibliotekar om innkjøp av bøker, leseprosjekt, kjem med tips til bibliotekstimen og svarar på spørsmål ved behov.
  • Timeplanfesta bibliotekstime: Kvart trinn har 1 timeplanfesta bibliotekstime. I desse timane kan elevane låne bøker, dei snakkar om litteratur og orienterar seg på biblioteket. Lærarane leiar dette arbeidet.
  • Arbeid på tvers av trinn: dei eldste les for dei yngste (fadrane).
  • Leseklubb: I store friminuttet har vi eiga bokklubb på biblioteket.  
  • Høgtlesing: Høgtlesing i maten
  • Lesekvart: Alle elevane har lesekvart ila. dagen.
  • Leselystprosjekt: Heile Skogsvåg skule har leselystprosjekt ein gong pr.år.  

 

Elevmerknad

  • Bibliotekassistentar: Kvart år får elevar på 6. og 7. trinn tilbod om å søkje arbeid som bibliotekassistentar på skulebiblioteket. Desse elevane har faste oppgåver knytt til utlån, innlevering og rydding, men også ei kreativ side der dei lagar utstillingar, plakatar og anbefalingar til andre elevar. Dette skuleåret er det 6 elevar som har denne jobben. Dei fordeles på 1,5 timar pr veka der også skulebibliotekar er tilstades.
  • Medverknad og elevrådet: Elevrådet har faste møter med rektor ein gong pr. månad, og her kjem dei med bokønskjer frå dei ulike trinna.  

 

Lesefremjande arbeid 

Gjennom ulike aktivitetar er Skogsvåg skule med på å inspirere og styrke lesegleda til elevane. Skulen bruker den kommunale leseplanen, der biblioteket har ein sjølvskriven plass.

Øygarden kommune har ein eigen skulebibliotek-standard for grunnskulane i Øygarden kommune. Dette er eit arbeidsreiskap som vert eit utgangspunkt for kva som vert fokus for skulen. Plan er vedlagt.