Om oss

 Skogsvåg barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentralt i Skogsvåg. Barnehagen har naturskjønne omgjevnader, med flott uteplass kor barna kan leike seg i eit variert terreng. Skogen ligg like ved, vi har kort avstand til fotballbane, butikk, eldresenter og bibliotek!

Logoen til Skogsvåg barnehage - Klikk for stort bilete

Våre hovedsatsingsområder er leik,  språk og at alle barn har ein god barnehagekvardag. Vi arbeider med å fremme gode leike moglegheiter, med fokus på leikemiljø og aktive vaksne i leik. For å styrke barnas livsmestring og helse har dei vaksne fokus på å skape gode relasjonar i eit godt og trygt barnehagemiljø. For oss er det viktig at alle barn har ein god barndom fylt med glede, latter, vennskap og meistring.

 

Visjon

Ein trygg stad å vera, ein god stad å lære.

Avdelingar

Vi har fem avdelingar i vår barnehage. Der er inndelt etter alder.

  • Bikuben - Barn frå 3- 6 år
  • Bjørnehiet - Småbarnsavdeling 0-3 år
  • Revehiet - Småbarnsavdeling 0-3 år
  • Marihøna - Barn frå 3-6 år
  • Maurtua - Barn frå 3-6 år

Barnehagen sine mål

  • Barnehagen skal ha eit inkluderande miljø prega av tryggleik og trivsel. 
  • Barna skal få ulike utfordringar tilpassa den enkelte sine føresetnader.
  • Personalet skal legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette, interne og eksterne aktørar.
  • Barna skal få uttrykkje sitt syn på barnehagens daglige verksemd og medverke til eigen kvardag.
  • Barna skal få kjennskap til sitt lokalmiljø.
  • Barna skal oppleve naturen og få undre seg over den. 
  • Personalet er ein del av eit stimulerande læringsmiljø med fokus på nytenking og utvikling. 

Dokumentasjon

Rammeplanen seier at barnehagen jamleg skal vurdere det pedagogiske arbeidet. Barnets trivsel og allsidig utvikling skal observeras og vurderas fortløypande og barnets erfaringar og synspunkt skal inngå i vurderingsarbeidet.

Tiltak for å gjere dette er blant anna ved at ein systematisk har to foreldresamtalar i året.
Vi har barneintervju med dei eldste barna ( frå barnet er ca 3 år) og gode observasjonar av dei minste. Vi tilbyr foreldresamtalar etter behov dersom det skal være noko utanom ordinære foreldresamtalane

Dokumentasjon skal sikre at brukarane får innsyn i det pedagogiske arbeidet. Personalet brukar dokumentasjon som grunnlag for samtale og refleksjon omkring pedagogisk praksis. Dokumentasjon skal gje informasjon om kva barn opplever, lærer og gjer i barnehagen. Trivsel og utviklinga til barnegruppa og det enkelte barnet skal observerast og vurderast fortløpande.

Dei tilsette dokumenterer innhaldet i kvardagen gjennom prosjektdokumentasjon, barna sine eigne uttrykk, «plan for vurderingsarbeid», plakatar, månadspost og facebook. Det skapar avklaringar og gjev grunnlag for vidare arbeid. 

Foreldre og tilsette skal vurdera barnehagen gjennom brukarundersøkingar og medarbeidarundersøkingar. Vurderingane skal brukast som grunnlag for den vidare planlegginga i
barnehagen. Årsplanen er òg eit utgangspunkt for foreldra til å kunne påverka innhaldet i barnehagen.

Fotogalleri

Lekerom Revehiet - Klikk for stort bilete
Kunst med naturmateriale - Klikk for stort bilete
Malepensel og kunst - Klikk for stort bilete
Lekerom Marihøna - Klikk for stort bilete
Leiker - Klikk for stort bilete
Leikerom på Maurtua - Klikk for stort bilete
Store byggeklassar i ulike farger - Klikk for stort bilete
Puzzlespill med dyr - Klikk for stort bilete
Lekerom Bikuben - Klikk for stort bilete
Malepenslar - Klikk for stort bilete
Lekerom Bjørnehiet - Klikk for stort bilete
Lekerom Maurtua - Klikk for stort bilete