Praktisk informasjon

Her finn du praktisk informasjon som gjeld for SFO ved Rong skule.

Opningstider

Rong SFO er ope frå kl. 07.00 til skulestart og etter skuleslutt til kl. 16.30.

Henting på SFO

Barna skal hentast på avdelinga.

Det er viktig at barnet blir henta innan den tida dei har plass. Ved for sein henting må ein betale kr. 275.- pr. påbyrja halvtime.

Vi kan ha faste avtalar om at barn skal gå heim sjølv/ ta buss. Då må vi få ein skriftleg beskjed - SMS, e-post eller i Transponder.

Klede/Bytetøy

Det er viktig at barn har nok byteklede tilgjengeleg, samt klede etter veret: kjeledress, støvlar, sokkar, regntøy.

Barn må ha gymsko tilgjengeleg då vi bruker gymsal på SFO.

NB! Viktig å ha namnelapp i alle klesplagg!

Mat og drikke

Barna må ha med seg mat til morgon-SFO og til ettermiddag-SFO. Det er lurt å ha ein matboks til skule og ein til SFO. Dei må også ha drikkeflaske om dei skal ha vatn. På SFO får dei mjølk og eple- eller appelsinjuice. Tysdager vert det servert varm mat – graut, pizza, lapskaus, spaghetti, tomatsuppe, fiskekaker m.m.

Kommunikasjon

Vi må få beskjed på SFO mobil dersom barnet ikkje kjem på SFO.

Om barnet dykkar skal heim med andre barn, må vi også få beskjed. 

Vi ønskjer at barna skal trivast og ha det trygt hjå oss. Ta kontakt dersom det skulle vere noko.