Om oss

Rong skule er ein barneskule som ligg nord i Øygarden kommune. 

Rong skule er ein barneskule som ligg i Øygarden kommune, om lag 45 min køyring frå Bergen sentrum. Skulekrinsen vår er Rong og Blomvåg. Skulen har 198 elevar og 35 tilsette.

Rong skule | Foto: Marius Stanescu - Klikk for stort bilete

Vi er ein nyrestaurert skule, slik at skulen framstår som ny og fin, med eige bygg til gymsal. Vi ligg i gangavstand til Hjeltefjorden arena, og anna turområde i nærområdet. Vi nyttar uteområdet aktivt.

Visjon: BEST SAMAN

Skuletid

Under finn du kortversjon med skulestart og skuleslutt. Timetal: 1.- 4.trinn  18,75 t/v og 5.-7.trinn: 21,33 t/v.

Leksehjelp

Det vert gitt tilbod om leksehjelp til elevar på 5. - 7. trinn. Ein time måndag og tysdag.

Ved andre endringar gir kontaktlærar melding.

Det er frivillig å melda seg på leksehjelp. Ved fråver/fritak må ein melda frå til kontaktlærar. Skulen er ansvarleg for elevane i opphaldstida. Føresette må vurdera om barna har behov for ekstra matpakke/drikke. Det går ikkje skulebuss etter leksehjelp-tilbodet.

Vi presiserer at det er eleven og føresette sitt ansvar at leksene vert gjort og at kvaliteten er god. Skulen oppmodar alle føresette til å engasjera seg i leksearbeidet og på den måten visa barnet at skulearbeid er viktig.

Helse, miljø og tryggleik (HMT) og internkontroll

HMT-mål for Rong skule:

Rong skule skal vera ein inkluderande og lærande organisasjon med vekt på gode informasjonsrutinar og god oppfølging.
 
Som IA-bedrift og gjennom Kvalitetskommuneprogrammet, skal vi sikra at alle tilsette fungerer i eit godt og inkluderande psykososialt arbeidsmiljø.
 
Vi skal ha eit ope fellesskap med rask og inkluderande oppfølging. Ved systematisk registrering av utviklingsområde og fortløpande utbetring av fysisk arbeidsmiljø, ønskjer vi å førebyggja yrkesskader og tilretteleggja for høg trivsel i eit funksjonelt og trygt arbeidsmiljø.

Varslingsplan ved krise

Denne oversikta viser korleis varsling vert organisert ved eventuell krise (PDF, 17 kB)