Informasjon frå rådgjevar

På alle ungdomsskular finst det ein rådgivar. Rådgivarar kan ha noko ulike oppgåver frå skule til skule.

Hovudoppgåva til ein kvar rådgivar er å vera ein ekstra vaksenkontakt for elevane, og å hjelpe dei til å finne seg til rette på skulen. Målet er at elevane skal trivast på skulen og ha størst mogleg utbytte av sin eigen skulegang. I tillegg har rådgivaren eit særskilt ansvar for å informere om vidaregåande skule, og å gjere overgangen dit lettast mogleg.

Kontakt rådgjevar

Linda Torsvik Flåten
E-post: linda.flaten@oygarden.kommune.no

Rådgjevar sine oppgåver

  • Hovudtyngda av informasjon om vidaregåande skule, yrkes- og utdanningsrettleiing, finn stad i siste halvdel av 9. klasse og i 10. klasse.
  • Orientering om vidaregåande skule vil bli gitt både elevar og føresette. Det vil og bli gitt individuell rettleiing til kvar elev i 10.klasse.
  • Søknadsfristen for inntak til vidaregåande skule er 1. mars. Det er eleven sjølv som skal søke.
  • Skulen kan hjelpe elevane med utfyllinga av søknaden. Søkeprosessen er elektronisk.

Litt informasjon om vidaregåande opplæring og Kunnskapsløftet

All ungdom har rett til 3 år vidaregåande opplæring ( 4 på enkelte yrkesfag). Elevane kan gjere eitt omval og ta inntil to venteår. Retten gjeld til fylte 24 år, men må fullførast 5 år (6 år) etter at opplæringa er byrja. Elevane kan velje mellom 13 utdanningsprogram, 8 yrkesfaglege og 5 studieførebuande.

Nyttige nettstader

Artikkelliste