Å nytte IKT på skulen
Skulen nyttar IKT i undervisninga. IKT står for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Skulen ynskjer med denne avtalen å leggje tilrette for at du på best mogeleg måte kan gjere deg nytte av denne teknologien i skulearbeidet og i skulekvardagen.
Ein viktig føresetnad er at vi i skuletida fokuserer på skulebruk og ikkje privat bruk. Skulen er knytt til eit nettverk og har innført FEIDE (Felles elektronisk identitetshandtering) – og dette gjer at vi har reglar for korleis vi kan og ikkje kan nytte teknologien.
Dine rettar
Du kan nytte skulen sitt datautstyr til alle formar for skulearbeid.
- Søkje på Internett etter stoff til skuleoppgåver
- Hente (laste ned) bilete og tekst frå Internett for å lage ditt eige svar på ei skuleoppgåve om du ikkje bryt reglar for opphavsrett (copyright).
- Arbeide med skulearbeid i alle program som er installert på datamaskinene.
- Lagre og skrive ut eige skulearbeid.
- Nytta læreprogramma som er installerte på datamaskina og tenester som kommunen har kjøpt som ligg på Internett. I tillegg kan du nytte andre gratis digitale læringsressursar som læraren syner deg.
Etter avtale med lærar kan du:
- Prate elektronisk (chatte).
- Sende og sjekke e-post (mail).
- Nytte hovudtelefonar.
- Lasta ned lovlege filer til skulebruk.
Dette har du ikkje lov til
- Å dele brukarnamn og passordet ditt med andre, dette er personleg og sjølv om nokon har gløymt sitt skal du ikkje låne vekk ditt eige.
- Å søkje etter ulovleg eller krenkande materiale. Krenkande materiale kan vere pornografisk, rasistisk, blasfemisk eller nazistisk karakter. Du skal heller ikkje setje bokmerke på slike sider i nettlesaren eller leggje dei som lenkje i læringsplattforma.
- Å lagre eller laste ned lydfiler, videofiler eller programvare i nettverket, læreplattform eller på skulen sine pc-ar, om dette ikkje er avtalt på førehand med lærar/IKT – ansvarleg.
- Å drive med spel og anna aktivitet som ikkje er skulearbeid. Er du i tvil skal du høyra med læraren din.
- Å flytte på pluggar og tilkoplingar eller gjera andre inngrep på utstyret.
- Å installere program på datamaskina.
- Å endre innstillingane på datamaskina.
Dine pliktar
- Når du er ferdig med arbeidsøkta skal du logge deg heilt ut og slå av maskina.
- Skal du gå frå maskina medan du arbeider, trykker du alltid ”Windows + L” for å låsa maskina slik at andre ikkje har tilgjenge.
- Har du gløymt passordet ditt, seier du frå til lærar som hjelper deg med å få nytt passord.
- Meld frå til lærarar, ikt -ansvarleg eller administrasjon når du finn feil.
- Bruk utstyret med varsemd.
- All lagring av skulearbeid skal skje i læreplattforma eller privatmappa di. Innhald som vert lagra på pc-en kan verte sletta utan førehandsvarsel.
- Alle privatmapper vert sletta om sommaren. Hugs difor å ta ut det du måtte ynskje å ta vare på frå året som gjekk (t.d. utskrift, minnepenn eller send til deg sjølv via e-post).
- Å vise høveleg framferd på Internett og i samband med elektronisk kommunikasjon – vis nettvett og ”nettikètte».
Brot på reglane
Brot på desse reglane eller hærverk på utstyr vert å sjå på som brot på ordensreglane. Alvorlege eller gjentekne brot vil medføra brev heim til føresette og vil få innverknad på ordenskarakteren til dei som går på ungdomssteget.
I tillegg kan det medføra sanksjonar som:
- Erstatte øydelagt utstyr (lovfesta krav mot føresette).
- Sperring av ditt brukarnamn i ein varsla periode. Dette gjer at ein og vert stengt ute frå skulen sitt datanett, Internett og andre digitale teneste ein har tilgjenge på gjennom Feide.
- Tap av retten til å nytta skulen sitt IKT - utstyr i ein varsla periode.
Reglane gjeld så lenge underteikna er elev ved grunnskulen i kommunen eller til ein ny avtale erstattar denne.
Eg har lest og forstått reglane, og pliktar å innrette meg etter desse. Eg har også forstått at regelbrot vil medføra sanksjonar som kan få innverknad på tilgang og bruk av ikt i undervisninga og på ordenskarakter.
Dato og signatur for elev og føresett:
________________________________ _________________________________
dato / underskrift elev dato / underskrift føresett