Valfag

Her finn du oversikt og informasjon om valfaga ved Øygarden ungdomsskule.

Valfag v/ Øygarden ungdomsskule skuleåret 2022/2023: 

Fysisk aktivitet og helse

Passar for deg som likar aktivitetar ute og inne, å prøve nye aktivitetar, å utfordre deg sjølv, vere saman med andre, delta i gruppe-aktivitetar, lære deg samanhengen mellom kosthald og helse, motivere deg sjølv og andre og oppleve glede og meistring. Opplæringa skal legge til rette for at elevane får kunnskap som kan bidra til at dei kan utvikle sunne og gode aktivitets-og kosthaldsvanar vidare i livet.

Programmering

Kan du tenkje deg å programmere i Micro:bit? Vil du lære deg å byggje og programmere Legorobotar?  Vil du vite kva Arduino og Scratch er? Ynskjer du å forstå kva som skjer «under panseret» i den digitale verda? Då er programmering valfaget for deg!
Programmering er ein viktig ferdigheit i samfunnet, som går inn i dei fleste fagområde, frå digital musikk til naturvitenskap og matematikk. Opplæringa skal legge til rette for at elevane lærer å løyse problem på nye måtar. Elevane skal få høve til å utvikle sin kreativitet og skape produkt ved hjelp av programmering.

Design

Er du kreativ og glad i å skape og gjenskape ting? I valfaget Design får du moglegheit til utvikle kreativiteten din, skapargleda og oppleve meistring! Du skal få vise at det vi omgir oss med har ein verdi ved å bruke og vidareutvikle forkasta produkt og material. Ut frå eigne idear og i samarbeid med andre får du planlegge, designe og framstille nye produkt.

Friluftsliv

Likar du å bevege deg og å ha det kjekt saman med andre utandørs? Då er dette valfaget perfekt. Vi kjem til å vere mykje ute, gå på kjekke turar, kose oss rundt bålet med god mat, lære om kart og kompass, finne mat ute vi kan ete, lære førstehjelp, lære om korleis vi påverkar naturen og miljøet og arrangere tur som er tilpassa dei ulike årstider.

Innsats for andre

Dette valfaget er berre tilgjengeleg som valfag for elevar i 9. og 10.klasse på Øygarden Ungdomsskule.
Innsats for andre handler om å gi elevar praktisk erfaring med frivillig arbeid og moglegheit til å gjere noko for andre og bidra til fellesskapet. Faget skal bidra til at eleven blir bevisst på frivillighet som ein sosial verdiskapar, og til at den einskilde kan vere ein aktiv medborgar som fremjar eit inkluderande samfunn. Gjennom opplæringa kan elevane byggje nettverk, vise solidaritet, fremje likeverd, oppleve verdien av å gjere noko for andre, utvikle ansvarlegheit og å få relevant erfaring for eit framtidig arbeidsliv. Valfaget skal også bidra til at frivillig arbeid fortsetter å vere ein tradisjon i samfunnet.