Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis helsetilbod for ungdom frå 13 - 25 år. Du treng ikkje bestilla time. Møt opp i opningstida og du får koma inn så snart vi er ledig.

Kva kan vi hjelpa deg med?

Du kan få informasjon, samtale og hjelp når det gjeld fysisk, psykisk og seksuell helse. Vi har teieplikt.

Aktuelle tema:

  • Fysisk helse
  • Psykisk helse
  • Seksuell helse, inkludert prevensjon
  • Rus
  • Generelle problemstillinger du ønskjer å snakka med helsesjukepleiar eller lege om

Kven jobbar her?

Helsesjukepleiar og lege.

Opningstid

Vi har redusert opningstid i skuleferiane. 

Her finn du oss

Vi held til i 4.etg. på Sartor Storsenter. Enkel tilkomst frå gågate. 

Vi er på Snapchat - Følg oss

Søk på hfuoygarden