Å klage på ein karakter tyder at eleven/ føresette meiner at det er gjort feil i vurderinga i høve til kompetansemål eller vurderingsforskrift.

Det er derfor forskjell på å være misnøgd eller skuffa over ein karakter og å ha formelt klagegrunnlag. Eleven bør derfor snakke med faglærar og få forklart karakteren og grunnlaget før ei eventuell klage. Om elev/ føresett etter ei slik grunngjeving vil klage, skal klaga setjast fram skriftleg og stilast til rektor.

I oppdaterte smittevernrettleiarar for grunnskolen heiter det framleis at bruk av offentleg transport til og frå skulen avgrensast der det er mogleg. Vidare går det fram at elevar bør sitte på annankvart sete, men at elevar frå same hushaldning eller same kohort (klasse) kan sitte saman.

Skulane i Øygarden kommue startar måndag 17. august og tysdag 18. august. SFO er ope første skuledag. Under finn du tidspunkt for oppmøte første skuledag. Gå inn på skulane sine nettsider for meir informasjon om skulestart. Velkomen til nytt skuleår! 

På nettsida til Udir.no finn du informasjon om skulestart, skyss og opplæringsplikt (korona). Sjå på informasjon som ligg under gult nivå.