Sjå vedlegg for informasjon om skulelege ved Øygarden ungdomsskule. Skulelege (PDF, 193 kB)

I samband med «Friluftslivets uke 2020» inviterer Øygarden kommune innbyggjarane til tur med meining der deltakarane ryddar avfall langs strendene og i skjergarden vår.

Frå og med måndag 7. september køyrer det ein ekstra buss i retning Stegavika etter skuletid.

 

Den ekstra bussen køyrer til Stegavika og vidare til Ågotnes terminal på følgjande tidspunkt:

  • Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 14.20
  • Onsdag kl. 15.15

Vi er i dialog med Skyss for å finne løysingar for å kunne auke kapasiteten på buss i retning Stegavika om ettermiddagen. Vi kjem tilbake med meir informasjon knytt til dette når vi veit meir. Ein vaksen frå skulen er med skuleskyssen til Stegavika om ettermiddagen fram til kapasiteten er auka, og elevar som ønskjer munnbind får tilbod om dette.

Vi oppmoder framleis om å unngå kollektivtransport der det er mogeleg. Elevar som kan gå, sykle eller bli køyrd til skulen bør gjere det. 

Dette gjeld for skuleskyss på gult nivå:

  • Bruk av offentlig transport til og fra skolen begrenses der det er mulig.
  • Ved bruk av offentlig transport, bør elevene holde avstand til andre.
  • Skoleturer som innebærer tett ansamling av elever i store grupper og på offentlige transportmidler bør begrenses. (NB: dersom skolen skal gjennomføre skoleturer bør egne busser bestilles)
  • Elever som er avhengig av skoleskyss, kan ta buss eller annen transport for å komme seg til og fra skolen.
  • Elever kan sitte eller stå sammen på bussen, men bør holde avstand til andre reisende. Unngå kontakt ansikt til ansikt i størst mulig grad.
  • Elevene må holde avstand mens de venter på bussen/annet transportmiddel. 

Folkehelseinstituttet oppmodar alle skular og barnehagar i landet til å ta del i nasjonale halvårlege aksjonar mot hovudlus som blir arrangert årleg i veke 10 og 35. Vår skule skal delta i veke 35, helga 29. og 30. august.

Nasjonale smittevernråd for skuleskyssen vert omtala i smittevernrettleiaren for skular, og er noko annleis enn dei generelle reiseråda som gjeld for ordinære reisande og kollektivtrafikken generelt. Per i dag er skulekvardagen kategorisert til "gult nivå", noko som inneber at skuleskyssen kan gjennomførast med tilnærma fullt utnytta kapasitet. 

  

Dette er retningslinjene frå smittevernrettleiarane som gjeld for transport og skuleskyss på gult nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skulen bør avgrensast der det er mogeleg.
  • Ved bruk av offentleg transport, bør elevane halde avstand til andre.
  • Skuleturar som inneber tett samling av elevar i store grupper og på offentlege transportmidlar bør avgrensast. (NB! dersom skulen skal gjennomføre skuleturar bør eigne bussar bestillast).
  • Elevar som er avhengige av skuleskyss, kan ta buss eller annan transport for å komme seg til og frå skulen. Elevar kan sitte eller stå saman på bussen, men bør halde avstand til andre reisande. Unngå kontakt ansikt til ansikt i størst mogeleg grad.
  • Elevane må halde avstand medan dei ventar på bussen/anna transportmiddel.

I tillegg skal ikkje elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom reise med skuleskyssen (gjeld både buss og tilrettelagt skuleskyss med drosje).

Sjå skriv frå Skyss for meir informasjon:Informasjon om skuleskyss til skular og føresette (PDF, 158 kB)

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Velkommen til skulestart for alle elevar måndag 17. august kl. 08.30. Vi gler oss til å treffe både nye og gamle elevar! Følg tidlegare informasjon for kvar du som elev skal møte. 

   

Udir har laga ein trafikklysmodell som seier noko om kva tiltak som skal setjast  i verk i høve smittesituasjonen i samfunnet. Det er smittevernmyndigheitene som bestemmer kva nivå tiltaka skal vere på til ei kvar tid. Akkurat no er vi på gult nivå.

Dette gjeld for gult nivå:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen. Sjå eige punkt under.
  2. God hygiene og forsterka reinhald.
  3. Kontaktreduserande tiltak:
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming).
  • Heile klassar (i vårt tilfelle mellomgrupper) vert rekna som ein kohort.
  • Tilsette kan veksle mellom kohortar, men held avstand til elevar om mogeleg.
  • Unngå trengsel og store samlingar.
  • Halde avstand i pauser/friminutt. Elevane hos oss har friminutt samstundes, men dei ulike trinna har ulike uteområde. 

Ingen sjuke skal møte på skulen:

  • Elevar med luftvegssymptom:
    • Elevar skal sjølv med milde luftvegssymptom og sjukdomskjensler, ikkje møte på skulen. Dei skal halde seg heime til dei har vore symptomfrie i 1 døgn.
  • Elevar som har bekrefta covid-19:
    • Skal vere i isolasjon. Det er helsetenesta som  avgjer kven som skal vere i isolasjon og kor lenge, etter råd gjeve av Folkehelseinstituttet (fhi.no). Retningsliner til forskrifta som regulerer isolasjon er gjeve av Helsedirektoratet.
  • Elevar  som er nærkontaktar/husstandsmedlem til ein person med bekreftet covid-19:
    • Skal vere i karantene. Det er helsetenesta som avgjer kven som skal vere i karantene og kor lenge, etter råd gjeve av Folkehelseinstituttet (fhi.no). Retningsliner til forskrifta som regulerer karantene er gjeve av Helsedirektoratet. (HDIR)
  • Elevar som vert sjuke på skulen:
    • Vert isolert på eige rom, føresette vert ringt til og avtalar heimtransport.

HUGS å melde frå til kontaktlærar ved sjukdom!

Kantine:

Kantina på skulen er stengd på gult nivå. Alle må ta med seg eigen mat og drikke og elevane har matpause på eigen plass i klasserommet sitt. Elevane kan ikkje gå på butikken i skuletida. Dersom ein ønskjer det kan ein bestille skulemjølk. Sjå under "Om skulen - Skjema" på denne nettsida. 

Skuleskyss:

Elevar som er avhengige av skuleskyss, kan nytte buss for å kome seg til og frå skulen. Elevane bør halde avstand til andre, men det er ikkje noko krav at elevane skal halde éin meter avstand til medelevane, sjølv om dette kravet gjeld for andre reisande.

Alle elevar har krav på opplæring, og skulen skal sikre eit godt opplæringstilbod til alle elevar, uavhengig av om smittenivået er på grønt, gult eller raudt nivå.

Ta kontakt med skulen om det er noko du lurer på!

Vonar de har hatt ein fin sommar og at de har kost dykk mykje (i regnet). Skulen tek til att måndag 17. august kl. 08.30. Vi vonar at de er klare til å gjere ein god innsats dette skuleåret og er motiverte for å gjere dykkar beste - både fagleg og sosialt.