Kva er Framtidsprosessen?

Framtidsprosessen er sjølve arbeidsmåten i Framtidssamfunnet – ein strukturert prosess for korleis idear og utfordringar blir tekne vidare til konkrete prosjekt og løysingar.

Formålet er å sikre at alle tiltak og prosjekt i Framtidssamfunnet blir utvikla og gjennomført på ein måte som er i tråd med intensjonane for samarbeidet – og at dei faktisk bidreg til å løyse viktige samfunnsutfordringar.

Framtidsprosessen: 

Illustrasjon Framtidsprosess - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Framtidsprosessen

Det er sekretariatet som i stor grad vil vera første kontakt for innspel til Framtidssamfunnet. Forslaga vert herifrå sendt vidare til juryen for behandling. Les meir om organisering av Framtidssamfunnet.

Det startar med innspel: 

Prosessen startar altså med ei utfordring eller idé. Disse kan kome frå ein aktør i næringslivet, frivillig sektor, offentleg sektor eller kunnskapsmiljø. Basert på idear og innmeldte behov, vil Framtidsjuryen vurdera tiltak og/eller prosjekt som skal testast ut i Framtidssamfunnet. Juryen vurderer tiltak og prosjekt opp mot fastsette kriterium. Fokusområda og punktlista vist her, er slike kriterium.  

Prosjektjuryen er sett saman av personar med god kjennskap til samfunnsutviklinga og trendar, samt god organisasjonsforståing. På den måten skal ein også førebyggja prosjekt og initiativ som ikkje er realistiske.

Vegen vidare vil variera frå prosjekt til prosjekt avhengig av kompleksitet, involverte aktørar og finansieringsbehov. Det vert laga ein prosjektplan for kvart unike prosjekt som vert teken vidare i Framtidssamfunnet i samråd med partane og relevante aktørar.

1.Prosjektetablering
Dette er startpunktet der ei utfordring eller idé blir meldt inn. Sekretariatet vurderer om den er relevant og innanfor satsingsområda. Dersom den er det, blir den førebudd for vidare vurdering. 

Mål: Sikre at prosjektet har samfunnsverdi, samsvarar med Framtidssamfunnet sitt mandat og er mogleg å gjennomføre.

2. Mobilisering
Her blir relevante aktørar frå næringsliv, frivillig sektor, offentleg sektor og kunnskapsmiljø kopla på. Det handlar om å samle rett kompetanse og forankre prosjektet hos dei som skal bidra.

Mål: Byggje eit sterkt og forpliktande samarbeid på tvers av sektorar.

3. Konseptualisering
 I denne fasen blir ideen vidareutvikla til eit konkret prosjektkonsept. Ein nyttar verktøy som innovasjonsmetodikk, sprintar og tenesteutvikling for å forme løysinga.

Mål: Utvikle eit gjennomførbart og innovativt prosjektforslag som svarar på ei reell utfordring.

4. Finansiering: når konseptet er klart for utprøving, legg prosjektgruppa eit løp for søknader om midlar, samtalar med moglege investorar for å skaffa kapital til testing og evt. prototypar. 

Mål: Sikre økonomisk berekraft og gjennomføringsevne.

5. Uttesting og pilotering
Prosjektet blir gjennomført i praksis –  med Øygarden som testarena. Her blir løysinga prøvd ut, evaluert og justert.

Mål: Skape reell læring, dokumentere effekt og vurdere mogleg vidareføring eller skalering.

Samarbeid - Klikk for stort bileteSamarbeid

 

Når eit innspel/ idé går til prosjektetablering, vil det vere offentleg informasjon. Unntak kan førekomma. 

Er du usikker på om ditt forslag til prosjekt kan passa Framtidssamfunnet, ta kontakt for ein prat. Vi vil gjerne høyra frå deg! 

Merk!
Sjølv om ein idé, tiltak/ prosjekt ikkje nødvendigvis passar inn i Framtidssamfunnet, kan det likevel bli realisert. I både sekretariat, jury og komité sitt det personar som kjenner til ulike start-up miljø, investorar og kontaktar som kan vera interesserte i prosjektet og dermed ta det vidare. 

Logo Framtidssamfunnet - Klikk for stort bilete