KI generert Kystdrone 24.9.26
KI generert Kystdrone 24.9.26
Prosjektet skal undersøkja om meir gods kan flyttast frå veg til sjø gjennom eit regionalt transportnettverk mellom godshamna på Ågotnes og aktuelle mottakspunkt. Arbeidet omfattar kartlegging av godsstraumar, aktuelle ruter og mottaksstader, teknologiske løysingar, økonomi, omlasting og miljøgevinstar. Målet er å finna løysingar som kan redusera tungtransport på vegane og samstundes styrkja sjøtransporten i regionen.
Første steg er ei grundig utgreiing av kva som skal til for å etablera eit slikt nettverk. Dersom resultata gir eit godt grunnlag, er ambisjonen å testa løysinga i ein pilot mellom godshamna på Ågotnes og utvalde mottakspunkt.
Kystdrone er eitt av prosjekta i Framtidssamfunnet, ein samarbeidsarena der offentlege aktørar, næringsliv og kunnskapsmiljø utviklar og testar framtidsretta løysingar på samfunnsutfordringar.