Om FramtidssamfunnetVerda endrar seg raskare enn vi klarer å tilpassa oss. Demografiske endringar, ny teknologi, klimautfordringar, nye kunnskapsbehov og auka uro pregar verda. Samtidig kjem mange moglegheiter og nye idear. For å utnytta desse, må behov og idear knytast saman for å finne betre løysingar. Framtidssamfunnet er ein samhandlingsarena initiert av Øygarden kommune, der offentlege aktørar, næringsliv, frivillige og kunnskapsmiljø samarbeider for å løyse store samfunnsutfordringar – saman.Øygarden i verdaSamfunnsutfordringane i Øygarden er ikkje unike for Øygarden, men vi har nokre unike fortrinn for å kunne løyse dei. Gjennom lange tider har innbyggjarar, kommune og lokalt næringsliv jobba tett saman for å finne dei gode løysingane – og gjennom Framtidssamfunnet kan me no jobba endå tettare.Det handlar om å:Teste ut nye løysingar på utfordringar som ingen klarer å løyse åleine.Skape verdi gjennom strukturert samarbeid og innovative arbeidsmetodar.Bruke Øygarden som testarena for framtidsretta prosjekt.Framtidssamfunnet er for deg som har ei utfordring, ein idé eller eit engasjement for framtida vår – anten du er innbyggjar, gründer, frivillig eller jobbar i det offentlege. Definisjon:Framtidssamfunnet er at offentlege, private og frivillige aktørar i Øygarden jobbar saman på ein ny måte for å finna løysingar på ulike samfunnsutfordringar.Forankra i kommunestyret:Den 3. oktober 2024 vedtok kommunestyret i Øygarden kommune forslag til mandat og organisering av Framtidssamfunnet. I dette ligg det at kommunestyret gav klarsignal til administrasjonen med å gå vidare med prosjektet, med intensjon i å finne gode løysingar på morgondagens utfordringar.Les meir om mandat, organisering og finansiering i dokumentet: Framtidssamfunnet - Mandat og styrande dokument.pdf (PDF, 4 MB) Sist endra 02.05.2025 15.11