Dersom du får dagpengar eller arbeidsavklaringspengar og ønskjer å starta eiga verksemd, krev NAV at du skaffar ei næringsfagleg vurdering.
Ei næringsfagleg vurdering er ei fagleg gjennomgang av forretningsideen din. Ho viser om verksemda kan gje deg ei stabil inntekt.
Vurderinga skal også seia noko om:
- verksemda kan påverka eller fortrenga tilbod som finst frå før
- du treng ein utviklingsfase før oppstart
- kor lenge utviklings- og oppstartsfasen bør vara
Det er Innbyggjartorget ved Sartor Senter som utfører ein slik vurdering. Kontakt dei her for å booke tid.
Du kan ringa eller senda e-post. Merk gjerne e-post med “Næringsfagleg vurdering”.
Lukke til!
Sist endra 18.06.2026 12.53