Om næringsutvikling i Øygarden
Øygarden er ein av dei mest spennande regionane for grøn vekst, med til dømes Northern Lights (CO2-lagring) som vart opna 26. september 2024. I Energiparken nord i kommunen, der ein finn nemnde Northern Lights, ligg også ein hydrogenfabrikk som produserer hydrogen frå naturgass med karbonfangst integrert i prosessen. Det er mange spennande planar i Energiparken som tek føre seg grøn omstilling.
I tillegg til planar innan omstilling innan energi, CCS med meir, er vi kommunen i Vestland fylke med lengst kystlinje for grøn marin utvikling.
Formålet vårt er å:
- stimulera og leggja til rette for utvikling i både privat og offentleg næring i Øygarden kommune.
- bidra til etablering av nye arbeidsplassar i regionen, samt vidareutvikla dei eksisterande.
- Leggja til rette for nytt næringsliv og gjera regionen attraktiv med innovative arbeidsplassar og dyktige innbyggjarar.
Som den nest største kommunen i Vestland fylke og nabo til Bergen, har Øygarden god tilgang på kompetanse. Straume sentrum ligg berre ein 20 minutt lang køyretur frå Bergen Lufthavn.
Har du, eller ønskjer du å starta bedrift i Øygarden? Då vil vi leggja forholda til rette for at du og bedrifta di skal få dei beste vilkåra for utvikling.
Planlegg du å flytta bedrifta di til Øygarden og treng rettleiing eller næringsareal? Vi kan hjelpa deg på veg.
Sist endra 07.02.2025 14.55