Hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep

Nok. Bergen er eit tverrfagleg, gratis og lågterskel hjelpetilbod for alle som har vore utsette for seksuelle overgrep, og for deira pårørande. Dei tilsette på senteret har kompetanse på seksuelle overgrep, traume og traumesensitiv omsorg. Du treng ikkje tilvising for å nytta tilbodet.

Målgruppe

Nok. Bergen gir tilpassa tilbod til barn mellom 12 og 17 år.

Kva kan du få hjelp til?

Vi tilbyr rettleiing gjennom individuelle samtalar, samtalar med partnar eller familie, og gruppetilbod. På senteret kan du òg jobba bearbeidande ved å utforska sansar og kreativitet saman med ein fagleg rettleiar.

Om tilbodet

Tilbodet frå Nok. Bergen er eit supplement til offentlege helsetenester, og er gratis for alle innbyggjarar i tidlegare Hordaland fylke. Tilbodet supplerer kommunane sine eigne tenester til personar som er utsette for vald og overgrep, og bidreg til å førebyggja nye overgrep.

Nok. Bergen er òg ein fagressurs som gir rettleiing og undervisning til skuleklassar, studentar, lærarar, helsepersonell og andre fagpersonar i spørsmål som handlar om seksuelle overgrep.

Ta kontakt med Nok. Bergen

Dersom du vil nytta tilbodet, kan du fylla ut dette skjemaet.

Du kan òg ringja, senda SMS eller e-post for å avtala tid:
Telefon: 55 90 49 90
E-post: post@nokbergen.no
Mobil (kun SMS): 940 29 357

Vi held til på St. Jakobs plass 9 i Bergen, og har òg filialar på Stord, Voss og Norheimsund.

Sjå nettsida til nok.bergen.no for meir informasjon. Følg oss gjerne på Facebook og Instagram for oppdateringar om tilbod og aktivitetar.