TLG og glàdag

Landro skule er ein TLG-skule, der visjonen er Tryggleik-Læring-Glede. Visjonen famnar om både det faglege og sosiale. Positive grenser skaper tryggleik. Difor har vi innarbeidd gode rutinar i klassen og i friminutta. Synlege og tydelege vaksne er viktig i dette arbeidet.

Når det gjeld læring skal alle elevane våre ha like høve til å utvikle evner og talent. Tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar er viktig for å nå dette målet. Elevane opplever glede når meistringa deira blir forsterka. Kvar torsdag står glàdag på timeplanen på Landro skule. Glàdagen vår er sentral i skuleveka. Gjennom å stimulera dei praktiske og kreative eigenskapane, freistar vi å få til meir glede og positivitet.