Felles ansvar

Plikter

  • Elevane har ansvar for orden på eigen pult, området rundt pulten, hylla si og i ranselen.
  • Elevane har etter tur ansvar for vasking av tavla, utdeling av mjølk og frukt, tømming av papirboksane, utdeling av bøker m.m.

Arbeid med ordensreglane

  • Elevane vert gjort godt kjende med ordensreglane.
  • Elevane vert gjort kjende med reglar for framferd på utflukter.

Respekt for alle andre

  • Elevane lærer seg å lytta til og dela opplevingar med kvarandre
  • Elevane lærer seg å respektera andre sine meiningar, grenser personlegdom og tru.
  • Vi øver oss i å snakka fint om kvarandre
  • Elevane lærer å ta ansvar for sin eigen person og sine eigne grenser.

Ansvar for eiga læring

  • Elevane skal læra seg å ta imot beskjedar.
  • Elevane skal gjera og retta lekser til rett tid.
  • Elevane skal læra seg å nytta tida godt.
  • Elevane skal læra seg å finna fram i og bruka ulike hjelpemiddel i læringsprosessen.

Uteområde

Elevane har ansvar for orden ute på bestemte tider i skuleåret.

Samandrag

Vi ønskjer at ansvarslæringsplanen skal hjelpa elevane til å forstå at dei kvar for seg er viktige, og at vi alle er med på å skape ein god skule.

Om elevane bryt skulereglar, øydelegg utstyr o.a. må dei ordna opp for seg.