Olweusprogrammet

Landro skule er ein Olweus-skule. Det betyr at vi jobbar etter Olweusprogrammet, som er eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd. 

Forebygge mobbing

Hovudmålet er å førebygge mobbing og skapa eit trygt og godt læringsmiljø for alle, samt redusere eksisterande mobbeutfordringar. Faste klassemøter med fokus på førebygging blir gjennomført i klassane gjennom heile skuleåret.

I friminutta får elevane tilbod om  å delta i mange ulike aktivitetar både inne og ute. Elevar frå 5.-7. trinn gjer ein stor innsats og bidreg til eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø gjennom organiserte aktivitetar.