Skuleskyss

Retten til skuleskyss gjeld til/frå skuletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO).

Avstanden mellom skule og heim må overstiga

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring.

Alle søknader om skyss skal rettast til skulen.

Søk skuleskyss

Last ned papirskjema her (PDF, 446 kB) Fyll ut og lever til skulesekretær på skulen.

Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.

Digitalt skjema

Digitalt skjema kjem, og skal nyttast frå hausten 2020.