Opningsfest for opprusting av Kolltveit skule

- Dette har vi sett fram til lenge. Det sa rektor Odd Erik Kjeldstad til dei rundt 250 elevane, tilsette og inviterte gjester på nyopninga av skulen på fredag.

Sara Helene Tøsse (til venstre) og Evi Solttun heldt i snora då ordførar Tom Georg Indrevik klipte i snora - Klikk for stort bileteSara Helene Tøsse (til venstre) og Evi Solttun heldt i snora då ordførar Tom Georg Indrevik klipte i snora. Her står dei framfor 250 elevar i tillegg til tilsette og gjester.

Sidan oppstarten av opprustinga 11. april har det vore travelt både for dei tilsette og dei tilsette hjå Torsbygg AS. Dei siste vekene før ferien satsa leiinga på skulen på godt vér. Det fekk dei, og undervisninga kunne gjennomførst delvis ute og delvis i dei klasseromma som var ledige.

Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora som Sara Helene Tøsse og Evi Solttun heldt godt tak i. Ordføraren  har gått på Kolltveit skule og har eit tett forhold til skulen og bygda.

- Eg har fått spørsmål om kor mange gonger vi skal opna denne skulen. Mitt svar er så mange gonger det er behov for. Hugs at skulen er ingenting om han ikkje har innhald. Eg rettar ei stor takk til entreprenøren og eigedomsavdelinga vår, sa ordføraren.

Snora vart klipt av ordføraren. - Klikk for stort bileteSnora vart klipt av ordføraren.

Gler seg over ein fornya skule

Dei to elevane som heldt i snora skryt av den fornya skulen dei no får ta i bruk.

-Klasseromma er veldig fine. Det er lysare og finare fargar enn før. Vi har fått nye pultar, stolar og digital tavle. Og så må eg seia at vi har svært snille lærarar. Det er gøy å snakka med dei, seier Sara Helene Tøsse som bur ut mot Liaskjeret og må ta buss til skulen.

Evi Solttun bur i nærområdet og kan gå til fots for å koma til skulen. Ho gler seg også over fornya lokale.

- Det er blitt veldig fint nede ved inngangspartiet. Vi har også fått flott rom for mat og helse. Dette faget er populært i tillegg til kunst og handverk og gymnastikk, seier Evi som opplever at det er godt miljø i klassen.

Mykje for pengane

På sjølve opningsdelen der alle deltok var det flotte innslag av elevane på tredje og sjuande trinn. Evi Solttun heldt tale på vegner av elevane.

For om lag 20 millionar kroner (eksklusive meirverdiavgift) har skulen fått transformert seks gamle klasserom til åtte oppgraderte topp moderne klasserom, oppgradert/nytt bibliotek, nye rom for kunst og handverk, musikk og sløyd, opprusta rom for mat og helse, kontorarbeidsplassar for lærarane fordelt på sju rom (eitt for kvart trinn), personalrom, helsesjukepleiarrom, telefonrom, heis og overbygg for elevane til bruk i friminutta. Alt dette har kome på plass etter oppstart den 11. april.

Rektor Odd Erik Kjeldstad - Klikk for stort bileteRektor Odd Erik Kjeldstad.

Dette var naturleg nok ein stor dag for rektor Odd Erik Kjeldstad. Opprustinga av skulen har skjedd innandørs. 

- Det kan nesten sjå ut som det ikkje har skjedd noko. Vårt slagord no er «Det er innsida som tel mest». Nesten alle vegger er flytta på. Utgangspunktet var å betra arbeidsforholda for dei tilsette. Eg er glad for at vi vart lytta til og at det også vart gjort noko med klasseromma. Tusen takk til kommuneleiinga og politikarane for at de såg behov for dette, sa Kjeldstad og retta ei stor takk til Jon Ivar Friborg som har vore prosjektleiar for kommunen og Torsbygg AS ved prosjektleiar Øyvind Eide.

Det var mange som skulle takkast denne dagen. Ann Helen Skjold Wiig har vore byggjekoordinator på skulen og gjort det heile svært smakfullt og sikra god logistikk med organiseringa av skulekvardagen samstundes som det har gått føre seg anleggsarbeid. Silje Marie Guleng Lie har organisert flyttejobben og fått hjelp frå eit handballag.

- Myten om at det går tregt i kommunen er sanneleg gjort til skamme her, sa Odd Erik Kjeldstad som også takka Ragnhild Bjelland for pianospeling på opningsdagen.

Nytt moderne rom for mat og helse - Klikk for stort bileteNytt moderne rom for mat og helse.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, takka rektor Odd Erik Kjeldstad som fekk dette prosjektet i fanget like etter at han tok over som rektor på skulen. 

- Vi hadde ikkje fått til dette prosjektet utan deg. Eg merkar ein heilt annan stemning her på skulen. Eg er imponert over at de har klart å drifta skulen under byggjeperioden, sa Sylta,

Rektor på Ulveset skule, Cecilie Mikkelsen Dahl, og rektor på Knappskog skule, Solfrid Kleiven, gratulerte naboskulen med dagen og overrekte blomar. Også tidlegare rektorar på Kolltveit skule, Berit Andersen og Karin Haugen, var mellom gjestene denne dagen.

Seinare på dagen var det open skule for foreldre og tidlegare tilsette. 

Avduka kunstverk

På eit sentralt møtepunkt på veg inn til gymnastikksalen vart det på opningsdagen også avduka keramikkunstverk av Odd Gjerstad og Kari Bugge Gjerstad. Dette stod på Ekerhovd skule, som no er lagt ned. Elevane frå denne krinsen går på Kolltveit skule, og i eit samarbeid med sonen Alf Bugge Gjerstad har ein fått flytta kunstverket frå Ekrhovda til Koltveit skule.

Kunstverket av Gjerstad - Klikk for stort bileteKunstverket av Gjerstad.

Også prosjektleiar Jon Ivar Friborg og Grethe Sissel Lie Gammelsæter har vore sentrale i å få realisert flyttinga. Lie Gammelsæter understreka at Gjerstad var internasjonalt anerkjende kunstnarar.

- Gjestad daterte ikkje kunstverka eller gav dei namn. Slik sett kan vi setja namn kunsten. Dette kunstverket viser ungdom på veg, sa ho.

Kari Bugge Gjerstad døde i 2022, medan Odd Gjerstad døde i 2014.

Her er fleire bilete:

Bibliotek - Klikk for stort bilete
Telefonrom - Klikk for stort bilete
Kontorarbeidsplassar - Klikk for stort bilete
Sløydrom - Klikk for stort bilete
Mato go helse - Klikk for stort bilete
Grethe Sissel Lie Gammelsæter - Klikk for stort bilete
Kunstverk - Klikk for stort bilete
Øyvind Eide og Jon Ivar Frigård - Klikk for stort bilete
7. årstrin - Klikk for stort bilete
Evi Solttun  - Klikk for stort bilete
Sara Helene Tøsse - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Evi Solttun talte på vegner av elevane. - Klikk for stort bilete
Ragnhild Bjelland - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Biblioteket - Klikk for stort bilete
Eitt av dei åtte fornya klasseromma. Lærar Ann Helen Skjold Wiig står ved elevane. - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Solfrid Kleiven, Odd Erik Kjeldstad og Cecilie Mikkelsen Dahl - Klikk for stort bilete
Marius Sylta (til venstre) og Odd Erik Kjeldstad - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Odd Erik Kjeldstad, Øyvind Eide, Ann Helen Skjold Wiig, Silje Marie Guleng Lie og Jon Ivar Friborg. - Klikk for stort bilete
Inngang - Klikk for stort bilete