Matematikk med kortstokk. Frå venstre; Stella, Gunn Oline, Dylan, Aron og Sebastian,Miljøbasen har rundt 25 elevar frå 4. til 7. klasse der den eine gruppa samlast før storefri og den andre etter storefri kvar onsdag. Frå hausten av vert tilbodet utvida til to dagar i veka og dermed fleire grupper.
Gunn Oline Langeland har vore pedagogisk medarbeidar på Kolltveit skule og gler seg til å møta elevane kvar einaste dag.
- Dette trivst eg aller best med. På miljøbasen får eg tid til å prata med elevane, ikkje minst når dei opplever å ha ein tung dag, seier Gunn.
Den dagen vi er innom miljøbasen er det mellom anna matte med bruk av kort.
- Fem gongar ni er førtifem, fem gongar sju er trettifem, seier elevane raskt når dei trekkjer frå kortstokken og skal svara på oppgåvene.
- Sjuar- og åttegongen er vanskelegast, seier Aron.
- På onsdag var vi på tur. Då fekk vi ostesmørbrød. Det var godt, seier Aron.
Pusling er populærtDet er tydeleg at tida i miljøbasen er viktig for elevane. Dylan fortel at dei jobbar i 20 minutt og etterpå har dei ein like lang periode med leik.
- Lærarane er greie og brukar tida på oss. Eg gruar meg ikkje til dette for eg veit at vi skal gjera noko gøy. Men dei kan vera strenge dersom dei må, seier Sebastian som gler seg til tida saman med medelevane på miljøbasen på onsdagane.
Stella likar best å arbeida i sløydrommet.
- No lagar eg eit hjarta. Det vert mykje filing og pussing etter kvart. Vi spelar også UNO og strikkar. Eg synest det også er kjekt å sy, seier Stella som forklarar at ho har sydd krossting.
Stella har starta arbeidet med å laga eit hjarte.Også Dylan likar best sløyd.
- Eg har laga ein trefigur og har svidd inn bokstavar og figurar. Elles spelar eg sjakk, seier han.
Gunn Oline Langeland viser til mottoet for Kolltveit som er at dette skal vera «Ein god stad å vera og læra».
- Mottoet for miljøbasen er «Du må yta for å nyta». Elevane skal få velja kva dei vil gjera innanfor dei rammene vi har sett. Tilbodet er praktisk retta, og vi brukar lite tid framfor skjerm. Vi gjev også leksehjelp, seier ho.
Nokre av elevane nyttar seg av tilbodet om frukost før skuletid.
Rektor Odd Erik Kjeldstad og pedagogisk medarbeidar Gunn Oline LangelandRektor Odd Erik Kjeldstad seier at miljøbasen skal vera ein stad for elevar som innimellom har bruk for alternativ undervisning.
- Dette er eit populært tilbod som mange foreldre ønskjer at vi skal ha. Det vert ein pause frå det vanlege klasserommet. Elevane får meir vaksenkontakt, og med dette tilbodet får elevane bygd karakteren sin og får gode relasjonar, seier rektoren.
Tekst og foto: Vigleik Brekke