Det var ikkje rom for dei i Fjell kyrkje

Det er ikkje berre Maria og Josef som har møtt på stengde dører. Fjell kyrkje er for tida stengt på grunn av rehabilitering. Skulane som soknar til Fjell, gjennomfører difor julegudstenesta på skulen. 

Juletre og to talarar - Klikk for stort bileteFrå julegudstenesta på Kolltveit skule.

På måndag var Per prest (Hjemdal) og kyrkjelydspedagog Søgnie Nilsen på plass i gymnastikksalen på Kolltveit skule.

Før dei slapp til med juletalen, var det allsong med «Et barn er født i Betlehem» opplesing av juleevangeliet og «Vi tenner et lys i kveld». Soknepresten og kyrkjelydspedagogen snakka også om det vi kjenner som juleevangeliet, men dei gjekk heilt tilbake til skapinga for å presentera dei lange linjene i frelseshistoria.

Adina Cordelia Francis Mamo (til venstre) og Sunniva Vikingsen Skogestad. - Klikk for stort bileteAdina Cordelia Francis Mamo (til venstre) og Sunniva Vikingsen Skogestad.

- Det var kjempeflott å få lest juleevangeliet. Men Bibelen startar med skapinga. Denne store julekula er som ein globus. Gud elskar heile verda, sa Per prest.

- Men Gud sa at ein ikkje skal eta av treet i hagen. Her har eg eit eple, sa Søgnie og med det viste til syndefallet.

Ved å pynta eit lite juletre med julekule, glitter, eple, engel og kors viste dei to frelseshistoria frå skapinga, Jesu fødsel, hans død for syndene og oppstoda.

Ordførar Tom Georg Indrevik har gått seks år på Kolltveit skule og ønskte alle god jul. Ved pianoet; Ragnhild Bjelland. Ina Viken var tolk. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik har gått seks år på Kolltveit skule og ønskte alle god jul. Ved pianoet; Ragnhild Bjelland. Ina Viken var tolk.

Ordførar Tom Georg Indrevik var også til stades på julegudstenesta på Kolltveit skule. Her har han gått sine første seks år i grunnskulen. Han var ikkje særleg imponert over juletreet presten brukte for å visualisera bodskapen.

- Uansett kva juletre de har i år, er det finare enn det presten har funne fram, sa ordføraren og ønskte alle ein god jul. 

Seinare i veka og i neste veke skal også Knappskog, Ulveset og Skålevik skular ha julegudstenesta på skulen. Sjølv om det ikkje var rom for elevane i kyrkja denne jula, reknar ein med at det vert tradisjonell julegudsteneste i kyrkja neste år. 

Her er fleire bilete:

Juletre med pynt - Klikk for stort bilete
Kor - Klikk for stort bilete
Per Hjemdal - Klikk for stort bilete
Søgnie Nilsen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Vigleik Brekke