Byggjetrinn 2 - Administrasjon

Denne veka har rehabiliteringa og ombygginga av Kolltveit skule gått inn i byggjetrinn 2 av prosjektet. Dette gir endringar av både møte, og administrasjonen av skulen.

Administrasjonen vil dei neste vekene ha kontor i andre etasje i brakkene, her vil merkantil, Silje-Marie vera tilgjengeleg. 

Utanom dette blir fysiske møte vanskeleg å få til på skuleområdet og me tilrår møte på Teams eller pr. telefon.
Telefonnummeret til skulen fungerer som normalt, men helsesjukepleiar vil ikkje vera på kontoret i desse vekene, så ho er ikkje tilgjengeleg på det vanlege nummeret.