Tilvenning

Tryggleik og tilknytning til barnehagen ved oppstart.

Barnehagen tilbyr fem dagar med tilvenning i frå april til juni der familie og føresatte får komme på besøk på avdeling, i ein time får foreldre med barnet/ barna sine bli kjent med den nye barnehagen sin. Dette er eit tilbod utom dei tre ordinære dagane vi har ved oppstart. Vi ynskjer at barn og foreldre/føresatte skal få ei så trygg oppstart som mogleg før barnet startar i Knappskog barnehage. Dei fem dagane på våren er ei god moglegheit til å førebu seg sjølv og barnet på kva som vil komme, og gi tryggleik til familien. Dette ved å bli kjent med nøkkelpersonar som skal ta imot barnet, deling av praktisk informasjon og bli kjent med barnehagens inne - og uterom. Her vil barnet saman med foreldre og føresatte få ei dyrbar tid til å bli bli litt betre kjent med rom, leikemateriale og omgivnadene i barnehagen. Dette fører til leikelyst og samspel med nøkkelpersonane i barnehagen og gi ei ekstra tryggleik for barnet og foreldre før oppstart.