Måltidene er ein viktig del av kvardagen. Maten barna et i løpet av ein dag utgjer ein stor del av barnets totale kosthald, enten den er medbrakt eller tilberedt i barnehagen. Barnehagen skal saman med føresatte leggje til rette for å fremje gode kostholdsvanar og god helse. Dette arbeidar vi ut i frå barnehagens rammeplan, som er ein del av lovverket vi forheld oss til. Samt forheld vi oss til dei nasjonale retningslinjene for mat og drikke.
Det ligg mykje god læring og meistring i måltidssituasjonen. I vår barnehage er det ein pedagogisk aktivitet som er både kulturbærande, læringsbasert og stemningsskapande. Der barna skal få oppleve glede og meistring av å delta og ete i eit sosialt fellesskap, saman med barn og vaksne. Vi har laga vår eigen sunne suppemeny med garnityr etter kursing og i samarbeid med kyndig kokk til varmtmåltider. I vår barnehage kan det førekomme servering av sukkerholdig mat eller drikke under dei tradisjonelle feiringane av bla jul, påske og 17 mai. Samt begivenheitar som sommarfest og temafest. Elles er dette haldt til eit minimum. Vi er oppteken av god dialog rundt dette og er opne for gode forslag.
Vi legg til rette for tre måltider, som frukost, lunsj og frukt. Barna har med seg eiga drikkeflaske til vatn igjennom dagen. Elles får dei servert drikke til måltidene som mjølk og vatn.
Frukost
Barna har med seg matboks om morgonen i barnehagen. Her har barna med seg skive/knekkebrød og kanskje litt grønnsaker og frukt, eller youghurt for ein god start på dagen.
Lunsj
Barnehagen serverar måltidet med skiver/knekkebrød, pålegg og grønnsaker samt mjølk og vatn. Vi serverar og varmt måltider både både inne og på tur med bål og reiskaper som trengs.
Fruktmåltid
Vi serverar fruktmåltidet saman med ei skive eller knekkebrød, samt drikke som mjølk og vatn.