Om oss

Knappskog barnehage er ein kommunal barnehage som starta opp i august 2008.

Opningstid er kl. 07.00 – 16.30.

Barnehagen ligg på Knappskog, ca 8 min frå Sartor Storsenter i retning Ågotnes og har plass til ca. 85 barn. Det er ein fem avdelings barnehage, med to småbarnsavdelingar, to mellomavdelingar, og ein avdeling for førskulebarn, i barnehageåret 2020/2021.

Barnehagen har lyse, lokalar tilpassa moderne barnehagedrift. Den ligg lunt til i fint skogsterreng og grensar til Knappskog skule, idrettshall og eit spennande naturområde.

Her ligg alt til rette for fysisk fostring, rike naturopplevingar og god læring.

Vi har eit vannleikerom som vi er veldig stolt av. Det er eit lite basseng, der barna kan prøve seg fram i det våte element. Her er det rom for leik og utforsking. vannrommet er desverre midlertidig ute av drift grunna vedlikehald. 

Knappskog barnehage - Klikk for stort bilete
Barn med redningsvestar leiker i fjøra - Klikk for stort bilete
Uteleik med snø i barnehagen - Klikk for stort bilete
Barn som leikar i sandkassa - Klikk for stort bilete