Logopedi er eit fagområde som rettar seg mot språk, tale og kommunikasjon. Evna til å utvikla språket og tale er av stor betydning for barn si utvikling, og vanskar med desse områda er difor viktig å fylgja opp tidleg. Vanskar med språk og tale kan oppstå som fylgje av forseinking av språkutviklinga, medfødt vanske eller sjukdom/skade.
Barn treng tid til å utvikla språk og språklydar. Mange barn tileignar seg språk og dei aller fleste språklydane i løpet av barnehagetida, men gjerne med unntak av r-, s-, og kj-/skj-lyden. Nokre lærer desse språklydane først etter skulestart.
Barnet må vera fylt 7 år og fått nye tenner både oppe og nede før ein sender tilvising på lesping. Ved stamming anbefaler vi at barnet/eleven blir raskt tilvist til PP-tenesta.
Før tilvising til logoped, skal barnet ha undersøkt høyrsle. Dette fordi høyrselstap og gjentekne betennelsar i mellomøyra, kan påverka utviklinga av talespråket til barnet.
Før tilvising til logoped skal barnet har blitt kartlagt, jamfør rutine frå PP-tenesta (Barnehage: TRAS, Alle med, Nya-sit, Norsk Fonemtest. Skule: Språk 6-16).
Logoped i PP-tenesta vurderer kva for oppfølging som blir tilbydd. I barnehagen/skule blir det som oftast gitt rettleiing til spesialpedagog og pedagog, som videre fylgjer dette opp. I nokre tilfelle blir det gitt direkte oppfølging til barn/elev, i samarbeid med barnehage/skule og føresette. Dette blir avklart med logopeden.
Logopeden åleine kan ikkje løysa vanskane til barnet. Føresette vil få rettleiing og opplæring i korleis dei kan øva med barnet heime. Logopedarbeidet er heilt avhengig av at føresette fylgjer opp arbeidet mellom logopedtimane.