Sambruk, god utnytting, fellesskap, ansvar og respekt for verdiar er nøkkelord som alle brukarar må ta til seg.
Leigarar skal
- Halde seg i og ha tilsyn med arealet dei har fått til disposisjon.
- Berre nytte dagar og tider dei har fått tildelt.
- Merke seg at utleiga følgjer skuleruta. På dagar elevane har fri og i alle helgar er skulen til vanleg stengd for utleige.
- Setje seg inn i branninstruksen som gjeld for bygget.
- Setje seg inn i instruksen som gjeld ved utløysing av innbrotsalarmen.
- Nøkkelen er koda og vil berre passe for tildelte inngangsdører, brukstider og bruksdagar.
- Syte for å få gjort reint alt areal dei har nytta, slik at det er bruksklart neste skuledag.
- Alltid ha god orden i bruksareala, og sjå til at alt utstyr står på fast plass etter bruk.
- Nytte eige datautstyr dersom ikkje anna er særskilt førehandsavtala med rektor.
- Slå av lys og låse dører etter bruk
- Bruke utstyr som ikkje set merke etter seg.
Leigarar er fullt økonomisk ansvarlige
- For skadeverk dei utøver på/i/ved Hjelteryggen skule. Skade skal meldast skulen straks.
- Ved tap av nøkkel.
Øygarden kommune har ikkje ansvar for skadar eller tap som måtte forkomme ved fritidsbruk av anlegget.
Øygarden kommune, v/rektor har rett til å seie opp leigaren straks om bruken av skulen ikkje samsvarar med dei gjeldande reglane, eller om anna slett åtferd vert utvist på/i/ved Hjelteryggen skule.
Utleige av rom på Hjelteryggen skule
Her finn de lenkje til bookongkalendar for rom på Hjelteryggen skule.