Skoleregler

Forskrift om skulereglar og skuledemokrati

for Øygarden kommunale skular

  • Alle skular skal ha eit ordensreglement. Opplæringslova § 2.9.
  • Forskrift til Opplæringslova § 3-5
  • Ordensreglementet er ei forskrift.  Forvaltningslova §2, §37, §38
  • Reglement R-skriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet er lagt til grunn.
  • Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av desse reglane.

Heimel: Fastsett av Kommunestyret 15.05.2025

med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa

og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-7.

§ 1. Føremål

Vi ønskjer ei inkluderande skule i Øygarden kommune. Dette inneber at alle elvar skal vere del av eit fellesskap, og oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne føresetnadar og evner både fagleg og sosialt. 

 Forskrifta skal vere eit verkemiddel til å nå målet og gi tydelege og føreseielege reglar om kva Øygarden kommune forventar av elevane på skulen. Reaksjonar skulane kan bruke dersom elevar bryt reglane vert også beskriven. Forskrifta legg også føringar for korleis skulen skal arbeide med elevdemokrati og elev- og foreldremedverknad.  

 § 2. Verkeområde

 Forskrifta gjeld for alle kommunale grunnskular og for alle områda på skulen, i skuletida, under arrangement og på turar og på skulevegen.  Forhold på ein elevs skuleveg kan utløysa plikt til å setja i verk tiltak. På skulen vil seie den tida eleven oppheld seg på skulen sitt område både før undervisninga starta og til elevane har forlete skulen sitt område etter undervising.

 Skulereglane gjeld all bruk av den digitale infrastrukturen til skulen også utanfor skuletid, og gjeld også andre tilhøve som har klar samanheng med skulegangen, skulemiljøet og skuledemokratiet.

 § 3. Organisering av skoledemokratiet

Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. I alle saker som vert behandla etter denne forskrifta skal omsynet til kva som er det beste for eleven vere grunnleggjande.

 Skulen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skulen, mellom anna arbeidet med skulemiljø, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjing av skulereglar.

 Det skal vere eit elevråd på alle kommunale grunnskular i Øygarden som er valt av elevane på skulen. Skule skal leggje til rette for val av elevråd innan utgangen av september kvart år.  Dersom elevane ønskjer ei anna organisering enn elevråd, må det bli tatt stilling til dette kvar år. Korleis elevane ønskjer å organisere seg kan vere ei naturleg diskusjon ved oppstart av skuleåret.

 Alle kommunale grunnskular i Øygarden skal ha eit arbeidsutval (FAU) som er velt av foreldra på skulen. FAU skal bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for alle og har rett til å uttale seg om alle saker som gjeld skulen, inkludert høyringsforslag som skulen mottek.

 På kvar kommunale grunnskule i Øygarden skal det vere eit samarbeidsutval (SU) der elevane, foreldrerådet, dei tilsette, leiinga og politisk nivå er representert. SU er eit rådgjevande organ som har rett til å uttale seg om alle saker som gjeld skulen, inkludert høyringsforslag som skulen mottek.

 Skulen kan velje å organiserer seg på andre måtar, t.d. ved å ha skulemiljøutval (SMU) eller andre samarbeidsorgan. Samarbeidet mellom skule og heimen skal oppfylle minstekravet i Opplæringslova.

 

 § 4. Reglar for orden

 Elevar skal:

a)      Møte presis på skulen og til timane, vere førebudd og har orden i skrivesaker og anna utstyr.

b)     Ha orden på tinga sine og halde det reint og ryddig i klasserom og i gang.

c)      Gjere skulearbeidet til rett tid og overhalde fristar.

d)     Melde frå straks om dei er vekke frå skulen. Fråvær skal dokumenterast av føresette. 

e)     Følgje skulen sine reglar for opphald i friminutt.

f)       Følgje skulen sitt digitale ordensreglement for bruk av digitalt utstyr.

g)      Ha mobiltelefon/ smartklokke og anna elektronisk utstyr avslått i skule- og SFO-tida og  oppbevare dei i tråd med skulen sine utfyllande reglar, om ikkje anna er avtala med rektor.

h)     Vise respekt for skulen og andre sine eigedelar.

i)       Du er sjølv ansvarleg for dei tinga du har med deg på skulen.

 

Skulen kan i tillegg ved behov fastsetja lokale reglar for orden. 

 § 5. Reglar for åtferd

 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

 Elevar skal vise alminneleg oppførsel. Det vil seie:

a)      Vera med å skapa eit godt arbeidsmiljø ved å oppføra seg høfleg, omsynsfullt og ansvarleg slik at ingen kjenner seg  krenka eller mobba verken fysisk, digitalt eller verbalt.

b)     Ikkje uroa læringssituasjonen for medelevar og lærarar. Ein skal rette seg etter tilsnakk frå vaksne, slik at undervisninga ikkje blir øydelagd.

c)      Snakke fint om-, til- og med andre både fysisk og digitalt.

d)     Ha klede som er passande for dei aktivitetane og arrangementa ein skal delta på.

 

Oppførsel som ikkje vert akseptert:

a)      Det er ikkje lov å utøve vald eller trua med valdsbruk på skulen eller skulevegen.

b)     Det er ikkje lov å ta med å ta med eller bruke farlege eller skremmande gjenstandar på skulen.

c)      Banning, grov og krenkande språkbruk.

d)     Det er forbode å ta med og bruke røykesaker, tobakk, snus eller andre rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida.

e)     Skulking.

f)       Jukse eller forsøk på jukse på prøver eller andre vurderingssituasjoner.

g)      Bruke plagg som heilt eller delvis dekker andletet.

h)     Farleg leik som kan skada deg sjølv og/eller andre (t.d. snøballkasting,).

 

Skulen kan i tillegg ved behov fastsetja lokale reglar for åtferd. 

  § 6. Tiltak ved brot på skulereglane

Skulen skal reagere så snart som råd når ein elev bryt skulereglane. Elevane kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på skulereglane. Skulen skal ikkje bruke kollektiv straff, fysisk eller krenkande straff.

Reaksjonar ved brot på skulereglane i Øygarden kommune:

a)      Varsel

Merknad

Samtale med heimen

b)     Inndraging av gjenstandar, utstyr som blir brukt på ei farleg måte.

c)      Inndraging av mobiltelefon eller anna personleg utstyr viss det vert nytta innafor skulen sitt område, ut skuledagen.

d)     Åtferdsregulerande tiltak; etablere åtferdsplan for eleven.

e)     Utvising frå klasserommet for inntil to klokketimar av lærar.

f)       Skriftleg advarsel/ brev med heim.

g)      Erstatte eller reparere skadar på skulen sin eigedom eller utstyr og/ eller tap av undervisningsmateriale gjort med vilje.

h)     Avgrensing på kor eleven kan opphalde seg og bruk av skulens utstyr.

i)       Få nedsett orden- åtferdskarakter

j)       Grove tilfelle av vald, truslar, hærverk og andre alvorlege handlingar vert meldt til politiet. Tilfelle som medfører skade på eigedom eller eigedeler kan føre til krav om erstatning.

k)      Utvising frå skulen av rektor. 1. -7. trinn enkelttimar eller resten av dagen, 8. – 10. trinn inntil tre dagar. 

l)       Midlertidig eller permanent skulebyte.

m)    Ved alvorlege brot på skulereglementet under skuletur ber foreldra ansvar for å få elevane heim.

 

Eleven pliktar og overhalde reaksjonar skulen har vedteken, om ikkje kan skulen gi nye restriksjonar.

§ 7. Rettane til elevane

 a)      Barn har rett til å gå på skule frå det året dei fyller seks år til dei avsluttar 10. trinn.

b)     Alle har rett til å bli behandla med respekt og omtanke.

c)      Skulen skal alltid jobbe for eit best mogleg skulemiljø med fokus på helse, inkludering, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

d)     Elevane har rett til å ta del i planlegging og gjennomføring av arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø.

e)     Alle elevar har rett til å bli høyrde i sakar som vedkjem dei.

f)       Elevens beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som vert behandla etter denne forskrifta.

  §8. Saksbehandling

 Når ein skal setje inn tiltak etter brot på skulereglane, skal skulen følgje desse reglene for sakshandsaming:

 

a)      Eleven har rett til å forklare seg munnleg og skulen skal sørgje for at eleven får snakke med nokon hen stolar på i ei trygg situasjon.

b)     Skulen skal sørgje for at avgjerda vert tatt på forsvarleg grunnlag og skal grunngi avgjerda.

c)      Før skulen tek av gjerd om reaksjon etter brot på skulereglane har eleven rett til informasjon om korleis skulen ser på brotet og korleis skulen har tenkt å handtere det. I alvorlege saker skal føresette varslast så langt det er mogleg.

d)     Før skulen vedtek å utvise ein elev skal skulen vurdere om det er mogleg å bruke andre reaksjonar eller hjelpetiltak som er mindre inngripen for elven.

e)     Dei føresette til elevar i grunnskulen skal varslast dersom eleven vert utvist for timar eller resten av dagen.

f)       Ved reaksjonar etter §6 d – l skal skulen gi ei skriftleg grunngjeving til føresette.

g)      Det er rektor som har mynde til å vedta reaksjonar etter §6 g – j.

h)     Det er Kommunalsjef Oppvekst som har mynde til å vedta midlertidig eller permanent skulebyte etter §6 l.

i)       Reaksjon etter §6 k og l er enkeltvedtak og følgjer sakshandsamingsreglar etter forvaltningslova. 

 §9. Vurdering av orden og åtferd

 Skulen kan ikkje vurdere orden og åtferd til eleven ut frå andre vurderingsgrunnlag enn det som er fasett i denne forskrifta og/ eller skulen sine utfyllande lokale reglar.

Skulen skal sørgje for å varsle elevar som står i fare for å få karakteren nokså god eller lite god i orden eller oppførsel, slik at eleven får høve til å forbetre karakteren. Karakteren i orden og åtferd blir sett ned ved gjentekne brot på reglane, eller ved grov enkelthending.

 § 10. Digitalt ordensreglement og bruksvilkår for digitalt utstyr

 Øygarden kommune låner ut digital utstyr til elevar som dei kan bruke i skulearbeidet. Det digitale utstyret med ev. tilbehøyr er skulen sin eigedom, men vert lånt ut til den enkelte elev. Det skal bli brukt både på skulen og heime, og eleven har ansvar for å ta vare på det i samsvar med skulereglane til kommunen.  

 a)      Skulen sørgjer for at kvar elev får låna eit digital utstyrt med ev .tilbehøyr, t.d. ladar og veske. Eleven tek godt vare på utstyret. 

b)     Det digitale utstyret er registrert på eleven personleg, og den kan ikkje bli lånt ut til andre.

c)      Det elektroniske utstyret skal alltid vere med på skulen tilstrekkelig lada.

d)     Utstyret skal berre bli brukt til læring, både på skulen og heime, slik vaksne på skulen bestemmer. På skulen skal det elles vere plassert i sekken/skapet eller lukka på pulten.

e)     Brukarnamn og passord er personlege, og eleven skal sørgje for at andre ikkje får kunnskap om desse.

f)       Eleven gjer seg kjend med «nettvettreglene» og følgjer desse,  https://www.dubestemmer.no/.

g)      Skulen kan krevje utstyret innlevert av tekniske/praktiske årsaker, eller ved brot på skulereglande.

h)     Elevane legg spor etter seg når dei brukar IT- utstyret til skulen. Skulen og skuleeigar kan sjekke og evt. slette innhald på eleven sin brukar/utstyr etter først å ha varsla eleven om dette. Dette med grunngjeving i kommunens drift av datanettverk og tilhøyrande utstyr.

i)       Skulen kan gjennomføre elektronisk overvaking ved undervisning, prøver og eksamen med digitale einingar. Juks, som å bruke ikkje-tillatne hjelpemiddel eller kommunisere med andre, er ikkje lov. IT-avdelinga kan sjekke aktiviteten og nettlesarloggen om dei mistenker juks i ein prøve eller eksamenssituasjon.

j)       Skulen erstattar ikkje tap av personlege data som er lagra på det digitale utstyret. For å ivareta tryggleik og personvern bør data bli lagra andre stadar enn på utstyret.

k)      Eleven kontaktar ein vaksen på skulen dersom det digitale utstyret eller tilbehøyret vert skada, øydelagt eller sluttar å verke.

l)        Eleven følgjer reglane til skulen for bruk av IKT-utstyr.

 

 § 11. Tiltak ved brot på bruksvilkår for digitalt utstyr

 Brot på §10 Digitalt ordensreglement og bruksvilkår for digitalt utstyr, blir sett på som brot  på skulereglane. Det kan mellom anna medføre inndraging av retten til bruk av digitalt utstyr eller erstatningsansvar. Dette vert vurdert etter retningsliner frå Udir  og skadeserstatningsloven.

 §12. Delegering av mynde til skulane

 

Øygarden kommune gir den enkelte skule mynde til å fastsetje utfyllande reglar for §4 orden, §5 åtferd og § 10 reglar for bruk av IKT- utstyr lokalt.

 § 13. Ikraftsetjing

Forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular er gjeldande straks dei er vedteken av Kommunestyret. Dei lokale ordensreglane er oppheva.