Krav til søkjar
- Hovudregelen er at eleven skal gå på den skulen som ligg nærast heimen. Dette vert målt etter kortaste veg som er open for allmenn ferdsel.
- Kommunen kan gje forskrifter til kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til, skulekrinsen.
- Eleven kan ha rett til plass ved skulen der søsken går, sjølv om det ikkje er i skulekrinsen ein høyrer til.
- Kommunen kan senda elevar til ei annan skulekrins dersom kapasitetsomsyn gjer det nødvendig. Det vert teke utgangspunkt i kapasiteten i skulekrinsen på opptakstidspunktet. Elevar som flyttar til skulekrinsen gjennom året, kan difor verta tildelt skuleplass i ein annan skulekrins.
- Føresette som ønskjer at barn skal gå i ein annan skulekrins, må senda ein skriftleg, grunngjeven søknad til den skulen eleven vil gå på.
Saksbehandling
- Kommunen kan gje forskrifter til kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til, skulekrinsen.
- Søknaden til ein annan skulekrins skal sendast til den skulen du ønskjer at barnet ditt skal gå på.
Kva skjer vidare?
Klage
Dersom søknaden ikkje vert innvilga, kan ein klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen skal sendast til skulen som har fatta vedtaket. I klagen skal ein forklare kva ein er misnøgd med og kvifor ein meiner at vedtaket bør endrast.
Dersom skulen opprettheld vedtaket, vert saka sendt til kommunalsjef for Oppvekst. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert ska sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Informasjon om skulebyte for gjesteelevar
Lovar og reglar