Fråver på vitnemålet

Dei føresette må sende ein søknad om å stryke dagar, og leggje ved dokumentasjon (frå lege eller annan som kan skrive ut sjukmeldingar, eller svar på permisjonssøknader).

NB! Dette fråtrekket vert berre synleg på vitnemålet. I karakterutskriftene elevane får kvart halvår skal alt fråver stå.

Søknad om fråtrekk gjerast kvart skuleår via Vigilo foreldreportal under menypunket Søknadar.  Føresette kan søkje forløpande i løpet av året, og seinast 01.06. for inneverande skuleår.

Meir informasjon

Fråveret eleven har 8. – 10. trinn skal førast på vitnemålet til eleven. Sjå under ordlyden i § 9-44:

§ 9-44.Føring av fråvær i grunnskolen

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet, dersom dei legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom

  1. det er dokumentert med legeattest at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold
  2. eleven har fått godkjent permisjon etter opplæringslova § 2-2 fjerde ledd.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.