Det er derfor forskjell på å være misnøgd eller skuffa over ein karakter og å ha formelt klagegrunnlag. Eleven bør derfor snakke med faglærar og få forklart karakteren og grunnlaget før ein eventuell klage.
Om elev/ føresett etter ei slik grunngjeving vil klage, skal klaga setjast fram skriftleg til rektor.
Alle karakterar som skal stå på vitnemålet kan klagast på.
Dette gjeld også om ein elev ikkje får standpunktkarakter.
Kven kan klage?
- Eleven, eller den han/ho har gitt skriftleg fullmakt, har klagerett.
- Elev under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage.
- Føresette til ein umyndig elev har sjølvstendig klagerett.
Klagefrist
Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet eleven/føresette er gjort kjende med standpunktkarakteren.
Korleis kan ein klage?
- Klage må setjast frem skriftleg, og vere underskriven av klagar eller fullmektig. Elevar over 15 kan klage sjølve.
- Klage skal opplyse om kva fag/ karakter/ sakshandsaming det blir klaga på.
- Klage skal skrivast til rektor og sendast til skulen:
Fjell ungdomsskule v/rektor,
Ternholmvegen 2, 5337 Rong.
Postgangen tek tid difor oppmodar vi til at klagen blir levert i lukka konvolutt ved skulen sitt forkontor. - Klagar bør samrå seg med faglærar før klage blir sendt.
- Klage på munnleg prøve, standpunktkarakterar og karakterar i orden/åtferd må grunngjevast.
Klagehandsaming – Standpunktkarakter
- Rektor gir fråsegn om sakshandsaming, med kopi til klagar.
- Faglærar gir fråsegn, med kopi til klagar.
- Det er nytt at skulen sjølv kan endre vedtaket til gunst for eleven, dersom skulen er samd i klagen. At skulen kan endre vedtaket til gunst, tyder at skulen sjølv kan sette opp karakteren. Skulen sendar då ikkje sende saka til klageinstansen .
- Dersom skulen ikkje er samd i klagen sendar rektor klaga til klagenemnda. (Statsforvaltaren i Vestland).
- Klagenemnda vurderer om gjeldande reglar for karaktersetjing er følgde. Dersom klagenemnda tar klaga til følgje, skal eleven få ny vurdering.
- Rektor set endeleg karakter.
Ved ny vurdering
Klagehandsaming kan føre til at karakteren blir uendra eller endra til betre eller dårlegare karakter.
På nettsida til Statsforvaltaren i Vestland finn du informasjon om korleis du kan klage på standpunktkarakterar i grunnskulen.
Informasjon om kva som er nytt i regelverk for klagehandsaming for standpunktkarakter
Informasjon til elev og føresette frå Statsforvaltanen i Vestland om klage på fastsetjing av standpunktkarakter