Informasjon om eksamen

Eksamen 2026

Sentraltgitt eksamen (skriftleg eksamen)

Kvar elev kjem opp i ett fag. Skulen kan få grupper opp i alle tre faga (matematikk, norsk, engelsk). Frammøte på eksamensdagen er 08.30. Prøven startar kl. 09.00.

Alle elevane får melding om fag onsdag 13.05.26 mai kl. 09.00.

Informasjon om eventuell førebuing kjem

Onsdag 20. mai              Eksamen i engelsk                                                       

Torsdag 21 mai              Eksamen i norsk hovudmål

Fredag 22. mai               Eksamen i norsk sidemål                                                    

Tysdag 26. mai               Eksamen i matematikk   

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i sidemål, skal berre ha eksamen i norsk hovudmål. Eventuelle førebuingsdagar er skuledagar med møteplikt.

 

Lokalgitt eksamen (munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Faga elevane kan komme opp i er: norsk, matematikk, engelsk, tilvalsfag, samfunnsfag, krle, naturfag. Kvar elev kan komme opp i eitt fag.

Eksamensdato kjem

 

Ved sjukdom

Om ein er sjuk på eksamensdagen/-e så må ei sjukemelding leverast samme dag før kl. 16.00 for at eleven skal få godkjent fråver. Om ein har godkjent fråver vert ikkje eksamenskarakteren rekna med i snittet til eleven. Utan gyldig fråver vert dette tellande som 0 og merka som ikkje møtt på vitnemålet.