Læringsmiljøplan

Ved Fjell ungdomsskule vil vi vere gode og ha det godt! Vi vil skape positiv læring for alle.

I denne planen vil vi leggje til rette for læring i det å leve godt i lag med andre. Eit trygt og godt læringsmiljø tyder svært mykje også for elevane si faglege læring. Vi ønskjer at Fjell ungdomsskule skal gje rom for mangfald, uenighetsfelleskap og tydelege rammer slik at elevane kjenner tryggleik og har kjensla av å høyre til i eit positivt fellesskap. Skulen skal også leggje til rette for at elevane kan mykje om seg sjølve og for at dei har kjennskap til kva som skapar den beste sosiale og faglege læringa for dei. Denne kunnskapen er med på å gje den enkelte høve til å utnytte eige potensiale.

Læringsmiljøplan for Fjell ungdomsskule (PDF, 850 kB)