Skulebiblioteket

  • Skuleåret 2023/24: 506 elevar
  • Skulebibliotekar: Toril Aune Børmo
  • Bokbase: 12 900 bøker
  • Årleg bok-innkjøp: 500 
  • Opent: storefri kvar dag + 2. time onsdag

Trykk her for å søkje i bokbasen vår.

Lokal skulebibliotekplan

Leseferdigheiter er viktig for å meistre skulen, livet og for å kunne tenkje kritisk og reflektert som borgar i eit demokratisk samfunn. Dei som les mykje, blir flinke til å lese. Å lese mykje og langt er svært viktig for elevane si leseferdigheit og læring. Å gi alle barn og unge, uavhengig av sosioøkonomisk status og kjønn, like god tilgang til lesestoff og hjelp til å finne fram til tekstar som engasjerer dei,  er eit mål vi på Fjell ungdomsskule strekkjer oss mot. Dette omfattar at skulebiblioteket må ha ny, variert og interessant litteratur, både skjønn- og faglitteratur, å tilby elevane. Vår visjon skal vere å fremje lystlesing gjennom valfridom og med fokus på å halde ut. 

Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs

Samarbeid:

Skulebibliotekar er med på utvalde trinnmøter og plangruppemøter for å løfte frem pedagogisk arbeid knytt til skulebiblioteket.

Utviklingsarbeid på skulen:

På Fjell ungdom ungdomsskule er  skulebiblioteket ein del av utviklingsarbeidet til skulen. Bibliotekrommet er blitt rusta opp, med ny litteratur, og vi har utvikla leseprosjekt for elevane. I tråd med målet til DDI, kor alle elevar skal kunne delta aktivt i læringsfellesskapet, jobbar vi for at skulebiblioteket skal ha nok litteratur som er tilpassa alle elevar. Fjell ungdomsskule skal ha eit skulebibliotek for alle. Bruken av skulebiblioteket er timeplanfesta i eit årshjul.

Elevmedverknad:

Valfaget Utvikling av produkt og tenester har ei eigen forgreining til skulebiblioteket, der elevane fungerer som elevambassadørar for skulebiblioteket. Dei møtast kvar onsdag og har i oppdrag å utvikle skulebiblioteket ut i frå kva elevane sjølv ønskjer, i tråd med visjonen til skulen. 

Skulen har også eit Bibliotekråd, som er ein del av elevrådet, der elevane kan vere med å påverke og diskutere verksemda til skulebiblioteket.

Lesefremjande arbeid:

Gjennom ulike aktivitetar knytt til lesing skal Fjell ungdomsskule vere med å inspirere og vekkje leselyst hjå elevane. 

I årshjulet til skulebiblioteket er det sett av tid til: 

  • leseprosjekt på alle trinn, kvart halvår
  • timeplanfesta bibliotektid
  • vekelekse i sjølvvalt litteratur. 
  • høgtlesing gjennom året

Artikkelliste