Det er ikkje fritt skuleval i Øygarden kommune. Eleven skal skrivast inn på den ungdomsskulen som høyrer til skulekrinsen de bur i. Her kan du sjå alle skulekrinsar i Øygarden kommune.
I det elektroniske skjemaet blir de bedne om å gi nødvendige opplysningar om eleven og om dykk som føresette. De kan òg søkje om skuleskyss dersom eleven har rett på dette.
Opplysningane de gir, blir brukte for å sikre ei korrekt innskriving og ein god overgang til ungdomsskulen.
Informasjon om og val av tilvalsfag og valfag vil bli sendt ut i Vigilo frå ungdomsskulen på eit seinare tidspunkt.
Innskriving til start på ungdomsskulen
Ordinær frist for innskriving er 1. februar.
Innskriving etter utskriving ved fråvær over 10 dagar
Ta kontakt med skulen for ny innskriving.