Arrangementet er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd, Sartor Storsenter, Sotra vgs og Øygarden kommune. På den måten får lokalsamfunnet sjå korleis næringsliv og skule møter framtidas endringar i samfunnet. Energimessa er sentralt plassert på Sartor Storsenter.
Om Energimessa
Energimessa vart arrangert første gong på Sotra Vidaregåande skule i 2014 og arrangementet var då ein del av linja Studiespesialisering med teknologifag. Den gryande digitale satsinga i grunnskulen og ønskje om å sikre regionen kortreist kompetanse, var årsaka til til at grunnskulen etterkvart kobla seg på.
Formål
- Målet er at elevane skaper ein læringsidentitet som legg grunnlaget for eleven sitt framtidige læringsliv, for å utvikle både seg sjølv og lokalt næringsliv.
- Styrke og synleggjere elevar sin kompetanse knytt til læreplanverket og den fjerde industrielle revolusjon.
- Auke innovasjon og entreprenørskap hos dei unge i regionen.
- Styrke samarbeid og omstillingsevne i skule og næringsliv.
- Tydeleggjere den raude tråden i utdanningsløpet, frå grunnskule til arbeidsliv.
- Vere ein møtearena mellom utdanning og lokalsamfunn.
- Vere ein møtearena for elevane på tvers av skular og trinn.
Tidlegare messer
Arbeidsgruppa og kontakt
Kontakt: Andreas.Nordeide@oygarden.kommune.no
- Andreas L. Nordeide - prosjektleiar, Øygarden kommune
- Hans Jarle Einarsen - marknadssjef, Sartor Storsenter
- Kari-Anne Landro - dagleg leiar, Vest Næringsråd
- Anders Ekanger - kommunikasjonsansvarleg, Vest Næringsråd
- Christian Johnsen - avdelingsleiar, Sotra videregående skole
- Ingvild Skogestad Vikingsen - koordinator Digg læring, Knappskog skole
Sist endra 25.02.2025 10.24