Energimessa 2025 - Her jublar dei for beste utforma stand

Jubelen ville ingen ende ta då vinnarane av dei tre beste standane på Energimessa 2025 vart kåra torsdag kveld. Vinnarane dette året vart Sotra vidaregåande skule, Kolltveit skule og Tjeldstø skule.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, var euforisk etter at vinnarane vart ropte opp på scena i eit støynivå som gav sus i øyro til mange av oss.

- Med 22 skular har vi sett ny rekord i deltaking dette året. Her ser vi mange framtidige tilsette i Øygarden, seier ho.

Formålet med energimessa er å styrkja og synleggjera kompetansen til elevane og auka innovasjonen og entreprenørskapen hjå dei unge i regionen. Det skal også bidra til å styrkja samarbeid mellom skulen og næringslivet.
 

 

Det var utstillinga til Sotra vidaregåande skule som vart kåra som den mest innovative standen med turbin og solceller. Vinnaren her må ha eit realiseringspotensiale, kreativitet, nytte og realisme.

- Prisvinnarane er kunnskapsrike og har utforska teknologi som er svært relevant for den grøne omstillinga. Vi treng meir forsking for å få realisert nok og lønsam energi, uttalar juryen.

Prisen for den beste utforma standen gjekk til Kolltveit skule. Vurderinga er basert på tema, utforming og oppsett og om standen er visuell fin og om han fangar merksemda.

- Prisvinnaren har ein flott utforma stand der dei viser fram sjølvlaga modellar og sjølvdyrka produkt. Dei har god formidlingsevne og formidlar ideane sine på ein truverdig og god måte, seier juryen.

Prisen for den mest publikumsvennlege standen gjekk til Tjeldstø skule. Her er vurderinga basert på i kva grad publikum vert involvert og engasjert. 

- Prisvinnarane har laga ein modell som viser fram eit heilt økosystem med ulike berekraftige funksjonar. Dei er engasjerte og inviterande og formidlar prosjektet på ein engasjerande og sjarmerande måte, heiter det frå juryen.

Energimessa er eit samarbeidsprosjekt mellom Vest Næringsråd, Øygarden kommune, Sotra vidaregåande skule og Sartor Storsenter. Sponsorar er Sparebanken Vest, DNB og Equinor.

Tekst og foto: Vigleik Brekke