Ordføraren var imponert over kor mykje folk som møtte opp for å sjå det elevane viste fram.
- Det er fokus på innovasjon og utvikling. Mange av modellane som vart presenterte på messa, kan verta ein realitet ein gong i framtida, seier ordføraren.
Kommunedirektør Johnny Brevik gledde seg også over skapargleda og innovasjonskrafta han registrerte på Energimessa.
- Eg er imponert over skulane våre og korleis dei utviklar kreative og dyktige elevar for framtida. Elevane tenkjer berekraft og gjenbruk og viser respekt for miljøet. Bamsar av gamle klede og stoff og nye moderne bosspann er eksempel på dette, sa kommunedirektøren.
Det var mykje jubel då kommunedirektøren gjorde kjent at dei tre prisane går til Hjelteryggen skule, Landro skule og Knappskog skule.
Jurymedlemene skriv generelt for alle deltakarskulane at dei er imponerte over arbeidet alle har lagt ned.
- Det var lærerikt og kjekt å gå rundt til dei ulike prosjekta, og vi fekk prøvd spennande ting undervegs, skriv juryen.
Her er vinnarane og grunngjeving av standar i tre kategoriar:
Beste stand - Landro skule
Casper Blokhus Saltnes går i 7a på Landro skule.
- Det var veldig gøy å få prisen. Vi har arbeidd med dette i to veker. Vi har ein gard på sida av skulen som er til nytte for oss. I arbeidet med dette har vi funne ut at vi kastar 27,4 mat på skulen kvar veke. Dette er litt for mykje, seier Casper.
Difor ønskjer elevane at det skal byggjast eit lite biogassanlegg ved sida av skulen.
- Dette anlegget kan produsera biogjødsel, grøn CO2 til å driva drivhuset på garden og biodrivstoff til enkle køyretøy vi kan bruka til å frakta ting mellom skulen og garden, seier Casper Blokhus Saltnes.
Her er heile grunngjevinga for at Landro fekk prisen for beste stand:
Standen har eit høgaktuelt tema knytt til berekraft og sirkulære prosessar. Standen er svært forseggjort og viser blant anna ein stor modell som visualiserer eit samfunn med biomangfald, kor restråstoff kan utnyttast til energiproduksjon samt bruk av ulike fornybar energi. Den munnlege presentasjonen var også god og informativ, i tillegg fekk ein smaksprøvar med blant anna eigenprodusert honning.
Mest innovative stand - Hjelteryggen skule
Hjelteryggen skule fekk prisen for den mest innovative løysinga. Her er grunngjevinga:
Prosjektet set fokus på konsekvensane av mangel på gjenbruk, overproduksjon av menneskeskapte produkt og forsøpling av naturen. Dei visualiserer dette gjennom eit dataspel som dei har sjølv har programmert. Dette er ei kreativ løysing og produktet har realiseringspotensiale, då spelteknologi blant anna kan vera eit nyttig verktøy i undervisning / opplæring.
Mest publikumsvenlege stand - Knappskog skule
Knappskog skule fekk prisen for den mest publikumsvenlege stand. Dette vart grunngjeve slik:
Deltakarane på standen tok tydeleg initiativ, var imøtekomande og inviterte publikum til standen, kor dei gav god og nyttig informasjon om dei ulike produkta. Tema var blant anna gjenbruk og teknologi. Dei hadde fleire aktivitetar som publikum kunne få prøva ut og konkurrera i.
Alle dei tre skulane fekk kvar sine fem tusen kroner frå Energimessa og Sparebanken Vest.
Juryen var samansett av Camilla Nygård (Sparebanken Vest), John Ivar Halvorsen (DNB), Gert Strindberg (Fabtech), Kurt Andreassen (styreleiar Øygarden næringsutvikling KF) og Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd).
Tekst: Vigleik Brekke
Redigering: Andreas L. Nordeide