Om oss

Brattholmen skule er ein nynorsk-skule. Skulen har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skulen har om lag 300 elevar.

Klikk for stort bilete

Historikk

Skulen i området blei bydt i 1876 med materialar frå den gamle kyrkja på Fjell. Det gamle skulehuset står framleis tvers over vegen for noverande skule.

I 1955 vart den nye skulen innvidd. Det var den gongen berre den delen som i dag har fasade mot vegen og der administrasjonen er lokalisert.

Skulen vart utbygd med nye fløyar på 60- (den gamle B-fløyen), 80- (Klasseromsbygget) og 90-talet (Gym.-fløyen) og i samband med at 6-åringane kom inn i skulen i 1997. Vinteren 2012 fekk vi ny personalfløy og ei større oppgradering og utviding av skulen, både bygningsmessig og når det gjeld uteområdet.

Skulen er ein nynorsk-skule, den einaste på Litle-Sotra. Vi har nynorsk-klassar på alle steg, men også bokmålsklassar er oppretta slik at vi har parallelle klassar på alle steg.

Skulen har Arefjord bru og riksvegen (Rv555) som grense for inntaksområdet i nord med unnatak av Straumsfjellet (nord og aust). Straumssundet bru er grense i vest.

Frå skuleåret 2019-2020 er Liljevatnet skule nedlagt og elevane er overført til Brattholmen skule.

Visjon og mål

Brattholmen skule  –  ein skule for tryggleik, trivsel og toleranse som grunnlag for læring

Visjon og mål

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete