Det er ikkje fritt skuleval i Øygarden kommune. Eleven skal skrivast inn på den skulen i den skulekrinsen dei høyrer til. Her kan du sjå alle skulekrinsar i Øygarden kommune.
I det elektroniske skjemaet blir de bedne om å gi nødvendige opplysningar om barnet og dykk som føresette, inkludert val av målform.
Opplysningane blir brukte for å sikre ei korrekt innskriving og ein god start på skuleløpet. I same skjema kan de òg søkje om skuleskyss dersom barnet har rett på dette.
Skjema for innskriving
Ordinær frist for innskriving er 1. februar.
Innskriving etter utskriving ved fråvær over 10 dagar
Ta kontakt med skulen for ny innskriving.