Kommunepsykolog for barn og unge

Kommunepsykologane for barn og unge er del av eininga Familiehjelpa i kommunen. Her jobbar dei med førebygging og tidleg intervensjon knytt til kommunen sine innbyggarar i aldersgruppa 0-18 år (og 18-24 der ungdommen går på vidaregåande skule eller er lærling) med milde til moderate psykiske vanskar.

Dei gir hjelp via konsultasjonar, grupper, kurs og rettleiing, og jobbar i tillegg med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skapa gode helsefremjande arenaer for barn og unge.

Tilbod

  • Kortvarig behandlingstilbod for barn og unge etter tilvising frå helsesjukepleiar/skulelege eller fastlege. 
  • Lågterskel konsultasjonstilbod for foreldre og barn 0-12 år, etter avtale med helsesjukepleiar på Helsestasjon (Straume, Ågotnes, Rong og Skogsvåg).

Drop-in-kurs

Regelmessige kurs (drop-in) om ulike tema, som «Korleis støtte sinte barn», «Korleis støtte engstelege barn» og «Kurs om søvn for barn 0-5 år». Info om kursene kommer i kommunens kanaler.

Regelmessige gruppekurs: 

  • Cool kids angstmeistringsgruppe for familiar med barn 1.-4. klasse
  • Cool kids angstmeistringsgruppe for barn 5.-7. klasse
  • Chilled angstmeistringsgruppe for ungdom 8.-10. klasse
  • «De utrolige årene» (DUA) førebyggjande foreldrekurs  

Vi deltar i: 

Kommunepsykologane deltek i ulike tverrfaglige samarbeid rundt barn og unge i kommunen, som konsultasjonsteam for vald- og overgrep, nasjonalt forløp for barnevern og BTI-ressursteam.

Slik søkjer du

Kommunepsykologane for barn og unge deltek i Familiehjelpas inntak. Du treng ikkje tilvising. Ta direkte kontakt med Familiehjelpa:

Telefon: 56 16 15 50.
Telefontid måndag kl. 09.00 - 11.30 / Torsdag kl. 12.00 - 14.30.

Du kan også få hjelp til å ta kontakt gjennom helsestasjon, skulen eller barnehagen, gjerne som ein del av BTI-samarbeidet (Betre Tverrfagleg Innsats).

Prisar

Tenesta er gratis.