Målet er at tilsette har tilstrekkeleg kompetanse i å identifisera utsette barn og unge, og handlar på bakgrunn av bekymringa si. Alle vaksne skal ha kunnskap om korleis vi skaper eit inkluderande miljø. Aktivitetsplikta skal sikra at barnehagen handlar raskt, når det er bekymring for at eit barn ikkje har det bra i barnehagen.
I Ågotnes barnehage arbeider vi kontinuerleg for ein trygg og god barnehage, der alle barn skal oppleva å høyra til i eit inkluderande fellesskap. Hos oss skal barna møta vaksne som er nære, trygge, kompetente og tilstadeverande. Vi skal vera pålogga og merksam på barna sine uttrykk og det som opptek dei.
Å skapa eit inkluderande fellesskap må jobbast kontinuerleg med. Barnehagen arbeider heile tida med å leggja til rette for barna si utvikling av vennskap og sosiale ferdigheiter.
Barna si oppleving av å høyra til, bli sett og verdsett i samspel med andre barn og vaksne er viktig for barna si oppleving av å verta inkludert i fellesskapet, og for barn si livsmeistring. Barnehagen vår vert ein betre plass for alle og kvart einskild barn når alle får vera med.