Dino-skulen

Dinosaurskolen er førskuleprogrammet til De utrolige årene. Det er eit skuleførebuande program som styrkjer den emosjonelle og sosiale utviklinga til barna. Det styrker også sjølvbiletet og opplevinga av meistring til barna.

I løpet av barnehageåret går vi gjennom sju kapittel

  1. Apatosaurus – Vi lærer reglar
  2. Iguanodon – Forstå kvifor vi har reglar og å gjera sitt beste
  3. Troceratops – Forstå, gjenkjenna og kunna snakka om eigne og kjenslene til andre
  4. Stegoseurus – Problemløysing
  5. Tyranosaurus rex – Sinnemeistring
  6. Allsaurus – Å vera ein god ven og kunna samarbeida med andre både i barnehagen og heime.
  7. Brachiosaurus – Vi lærer å presentera oss, seia takk og svara på ein høfleg måte.

På Dinoskulen er vaksentettleiken stor, og vi gjev mykje merksemd til den åtferda vi ønskjer å sjå meir av. For å fremja forståing brukar vi store handdukker, samtalar om videovignettar, rollespel og øvingar og ulike aktivitetar knytt opp til tema.

Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete - Klikk for stort bilete