
Barnehagen har ein god plassering i eit flott skogsterreng med nærleik til vatn og sjø. Den grensar til eit spennande friområde med skog, turløyper og idrettsanlegg/fotballbaner som vi ofte bruker. Næraste nabo er Ågotnes skule, Tranevågen ungdomsskule og BUA, og vi har kort veg til ulike bedrifter.
Vi har eit flott naturområde for utfalding, leik og undring både innanfor og utanfor gjerdet. Vi arbeider med å leggja til rette for gode leikemiljø som barn kan trivast og utvikla seg i. Vi vil gje barna gode naturopplevingar gjennom å bli glade i naturen, bruka naturen og vera ute i all slags vêr. Uteområda har ein fin kombinasjon av ulike leikeapparat, sandkasser, småhus og skogsareale. Satsingsområdet vårt er sosial kompetanse, språk og leik.
Visjon for arbeidet vårt er å gje barna den beste starten på livet. Vi skal vera nære og trygge vaksne og i barnehagen vår skal det vera godt å vera.
Historikk
Ågotnes barnehage starta opp som Kårtveit barnehage og heldt til på Kårtveit gamle skule og vart flytta til Ågotnes i 1983. I 2005 opna noverande Ågotnes barnehage.
Hamramyra barnehage starta opp i helsesenteret på Ågotnes i 2012 og flytta inn i nytt bygg i 2017. I august 2024 vart barnehagane slått saman til ein barnehage og namnet vart Ågotnes barnehage.
Avdelingar
- Blåbærtua
- Mosepjusken
- Revehiet
- Skogstjerne
- Lyngtusleren
- Skogtrollet
- Sønnavind
- Austavind
- Vestavind
- Nordavind
Fotogalleri