• Hending

TV-aksjonen 2026 - Vi treng bøsseberarar!

Dato

Søndag 18. oktober 2026

Tidspunkt

kl. 12.00 - 18.30

Stad

Øygarden kommune

Last ned kalenderfil (.ics)

Vil du vera med på Noregs største dugnad?

NRK TV-aksjonen er den største innsamlingsaksjonen i Noreg. Kvart år samlar aksjonen inn pengar til viktige formål. Bøsseberarane er dei verkelege heltane i TV-aksjonen. I fjor samla dei inn heile 64 millionar kr av totalt 272 millionar kr. Det personlege møtet gjer at mange vel å gje eit bidrag, enten kontant eller på Vipps til 2133. Kvar bøsse samlar i snitt inn 2 300 kr. Vi treng bøsseberarar som kan setja av to timar til å gå frå dør til dør i nabolaget sitt og samla inn pengar til årets formål.

Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, og no treng vi bøssebærarar i heile Øygarden kommune .

Vi oppmodar enkeltpersonar, familiar, lag, foreiningar og arbeidsplassar til å melda seg. Berre eit par timar av dagen kan vera med og gjera ein stor forskjell for menneske på flukt frå krig og konflikt. Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen .

Har du spørsmål om TV-aksjonen i Øygarden?

Ta gjerne kontakt med Bjørn Andersen
E-post: bjorn.andersen@oygarden.kommune.no
Mobil: 906 56 836

Saman gjer vi ein forskjell!

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Øygarden kommune